Vedtekter for Vestlandskappleiken

VEDTEKTER
VESTLANDSKAPPLEIKEN
Vedtekne på Vestlandskappleiken i Aurland, 12.10.1997
Revidert på leiarmøtet under Vestlandskappleiken 1999
Revidert på leiarmøtet under Vestlandskappleiken 2011
Revidert på leiarmøtet under Vestlandskappleiken 2013
 
INNLEIING
 
§ 01. Vestlandskappleiken er ein landsdelskappleik for fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.
 
 
FØREMÅL
 
§ 02 Føremålet til Vestlandskappleiken er å vere ein sosial og musikalsk møtestad for deltakarar, andre utøvarar innan folkemusikk og –dans, samt andre interesserte. Gjennom ei slik samling søkjer ein å styrkje interessa for, kjennskapen til og kunnskapen om folkemusikken og -dansen i Vestlandsregionen.
 
 
TILSKIPING
 
§ 03 Hordaland Folkemusikklag og Sogn og Fjordane Folkemusikklag skal i samarbeid med lokal tilskipar syte for at Vestlandskappleiken blir arrangert årleg.
 
§ 04 Vestlandskappleiken skal skipast til annan kvart år i Sogn og Fjordane og Hordaland i hausthalvåret. Fylkeslaget i tilskiparfylket fastset dato i samarbeid med lokal tilskipar. Fylkeslaga kan gjere førespurnad til lokallag i Møre og Romsdal og Rogaland om å vere lokal tilskipar.
 
§ 05 Fylkeslaget i tilskiparfylket skal ha tilsyn med opplegg for og gjennomføring av Vestlandskappleiken, og skal ta avgjerd i eventuelle tvistesaker.
 
§ 06 Styret i fylkeslaget i tilskiparfylket skal ha fritt tilgjenge på alle arrangement i regi av Vestlandskappleiken.
 
§ 07 Fylkeslaget i tilskiparfylket skal tilby lokal tilskipar ein arrangørpakke som inneheld gjeldande vedtekter og føresegner, dommarskjema, kappleikskokebok, logo, rapportmal og rapport frå Vestlandskappleiken dei siste åra.
 
 
ØKONOMI OG RAPPORTERING
 
§ 08 Overskott/underskott skal delast slik: 15 % på Fylkeslaget i tilskiparfylket, 85 % til lokal tilskipar.
 
§ 09 Det skal vere eit rimeleg forhold mellom deltakaravgift og premiering, og lokal tilskipar skal følgje FolkOrg sine gjeldande retningslinjer.
 
§ 10 Deltakarbilletten skal gje fritt tilgjenge til alle tevlingar og dansearrangement under Vestlandskappleiken. Dette gjeld alle deltakarar.
 
§ 11 Enkeltutøvarar, grupper og lag kan ikkje krevje økonomisk godtgjersle for dansespel.
 
§ 12 Lokal tilskipar skal sende rapport og rekneskap til fylkeslaget seinast 2 månadar etter gjennomføring av Vestlandskappleiken. Rapporten skal følgje mal utarbeidd av fylkeslaga.
 
 
 
TEVLING
 
§ 14 På Vestlandskappleiken skal det tevlast i følgjande tevlingsgreiner og klasseinndelingar:
 
Tevlingsgrein/disiplin
 
Klasseinndeling
Spel, fele
Solo
A – B – C – D
Spel, hardingfele
Solo
A – B – C – D
Spel, andre folkemusikkinstrument
Solo
Junior og senior
Vokal
Solo
A – B – C – D
Durspel
Solo
Junior og senior
Gruppespel
2-4 utøvarar på same instrument (fele, hardingfele eller andre folkemusikkinstrument)
Junior og senior
Lagspel
Minimum 5 utøvarar, fele eller hardingfele skal vere berande instrument
Juniror og senior
 
Dans, fele
Pardans
A – B – C – D
Dans, hardingfele
Pardans
A – B – C – D
Lausdans
Solo
A – B – C – D
Lagdans
5-10 par
Junior og senior
Open klasse
 
 
 
 
§ 15 Lokallag som ønskjer det, kan i tillegg til dei ordinære kappleiksgreinene, setje opp tevlingar i følgjande tevlingsgreiner og klasseinndelingar:
 
 
Tevlingsgrein/disiplin
 
Klasseinndeling
Runddans, fele og hardingfele
Solo
Junior og senior
Runddans, durspel og trekkspel
Solo
Junior og senior
Runddans, andre folkemusikkinstrument
Solo
Junior og senior
Runddans, gruppespel
Min. 2 utøvarar, alle instrument
Junior og senior
Runddans, lagspel
Min. 5 utøvarar, fele eller hardingfele berande instrument
Junior og senior
Runddans
Pardans
 
 
 
§ 16 Tevlingane skal til ei kvar tid avviklast i samsvar med gjeldande tevlingsreglement i FolkOrg.
 
§ 17 Deltakarar heimehøyrande utanfor Vestlandsfylka skal stille i eigne gjesteklassar.
 
§ 18 Alle deltakarar på Vestlandskappleiken skal vere medlem i FolkOrg.
 
DØMMING
 
§ 19 Fylkeslaga har ansvar for å plukke ut sakkunnige fagdommarar. Det skal vere tre dommarar i kvar tevlingsgrein (spel, song og dans). Fylkeslaget i tilskiparfylket plukkar ut to dommarar til kvar tevlingsgrein, medan det andre fylkeslaget plukkar ut ein dommar til kvar tevlingsgrein.
 
§ 20 Dommargjerninga er å sjå som eit tillitsverv og blir ikkje godtgjort økonomisk. Lokal tilskipar skal dekkje reise og opphaldsutgifter i samsvar gjeldande satsar i Statens reiseregulativ.
 
 
PREMIERING
 
§ 21 Premiering skal skje i samsvar gjeldande kappleiksføresegner i FolkOrg.
 
§ 22 Deltakarpremie skal ikkje vere diplom.
 
 
LEIARMØTE
 
§ 23 I samband med Vestlandskappleiken skal det skipast til eit leiarmøte for alle medlemslaga i fylkeslaga. Det skal sendast innbyding til fylkeslaga i alle fire fylka på Vestlandet.
 
§ 24 Fylkeslaget i tilskiparfylket er ansvarleg for innkalling og avvikling av leiarmøtet.
 
§ 25 Alle medlemmer i fylkeslaga har møte- og talerett. Kvart medlemslag har rett på ein (1) utsending med framlegg- og røysterett.
 
§ 26 Det skal førast protokoll frå leiarmøtet.
 
§ 27 Fylkeslaget i tilskiparfylket har ansvar for at møteprotokollen blir utsend til FolkOrg, fylkeslaga og dei lokale medlemslaga.
 
 
UNNTAK FRÅ VEDTEKTER
 
§ 28 Lokal tilskipar som ønskjer å gjere unntak frå desse vedtektene, må søkje fylkeslaget i tilskiparfylket.
 
Vedtekter for Vestlandskappleiken i pdf-format: NYE_VK_13.pdf
 
FolkOrg sitt tevlingsreglement og dommarskjema: http://folkorg.no/kategori/tevling/tevlingsreglement-og-skjema/
| Mer++