Spelemannslaget Fjelljom oppmodar flest muleg om å setje av fyrste helga i oktober til fin kombinasjon av natur, musikk og dans. Fjelljomfestivalen kan du legge inn som ein god start på haustferien, og kombiner gjerne med Strynemessa. Det endelege programmet er ikkje finhøvla enno, men vi kan love gode kurstilbod i fele, hardingfele, munnspel, song og dans. I år byter vi ut fredagskonserten med eit ungdomstreff i Fjellvarden. Arrangørlaget Fjelljom vil stå for temakonserten laurdag på dagtid, og som vanleg vert det flott konsert og dans i Fjellvarden laurdag 5. okt. kl 2000. Då vert og Bolstadprisen 2019 delt ut. Fjordane og Møre munnspellag og Honndalsmusikken med sin rykande ferske CD spelar opp til dans. Det same gjer sjølvsagt Fjelljom. Nordfjord fritidssenter er reservert både for kurs og overnatting til dykk som vil på festival denne helga.
Send påmelding til epost: arnsoelv@frisurf.no