Rolf Myklebust-fondet har fått nye vedtekter etter Årsmøtet 2022. Desse vedtektene opnar for at ein no kan søke om tilskot frå fondet og at fondet vert avslutta når kontoen er tom. Midlane frå fondet skal gå til utgjevingar av tradisjonell folkemusikk frå Sogn og Fjordane i form av notar, arkivopptak og nyinnspelingar av tradisjonsstoff. Bøker eller hefte med skriftleg materiale innan sjangeren kan òg få stønad. Sjå vedtektene til fondet HER. Per idag ligg fondet på omlag kr. 103.000,-.

 

Søknaden skal sendast til epostadressa post@folkemusikklaget.no innan 1. desember.

 

Søknaden må innehalde: 

  • Søknadssum
  • Prosjektskildring
  • Info om søkar og kven som er med på prosjektet
  • Tidsplan for gjennomføring av prosjektet
  • Budsjett
  • Kontonummer

Ved tildeling av midlane vert 75% delt ut i førekant. I etterkant av prosjektet vert det krav om rapportering frå gjennomføringa av prosjektet, før dei siste 25% av midlane vert utbetalt.