smørbukk.jpg

Det var 79 spente og klare born og unge som laurdag stod klare til kappleik då klokka slo 13:00.

Sytten innslag og 300 smørbukkaramellar vart unnagjort på ein god time då alle fekk syne fram litt av det dei kan i spel, song og dans.
 
Smørbukkappleiken 2016 vart arrangert i Kjølsdalen 12. mars. Sogn og Fjordane Folkemusikklag arrangerer kappleiken kvart år i samband med den årlege Fylkeskappleiken, og i år også Diskriktsmeisterskapen i trekkspel. Smørbukkjuryen bestod i år av juryleiar Åslaug Timenes Bell, Ole Nilssen og Elling Sølvberg.
 
årets smørbukk.jpg
Dansande glade
Etter ein god time med kappleik baud Asbjørg og Arne M. Sølvberg opp til dans. Ungane fekk prøve seg på ulike dansar, både i ring, på rekke og halling kvar for seg. Om ikkje humøret var på topp frå før, vart det i alle fall mykje latter på golvet under dansen.
 
Årets Smørbukk
Under premieutdelinga fekk alle deltakarane eit diplom, Norsk Barneblad og Smørbukkhefte. I tillegg var det nokre innslag som utmerka seg litt ekstra og fekk anten ein ryggsekk eller eit penal, også sponsa av Norsk Barneblad. Den gjevaste utmerkinga gjekk til Sigve Træen Årskog frå Eid. Han vart nemleg Årets Smørbukk, og var klart den som sjarmerte juryen mest med sitt spel og utstråling.