Sigbjørn Eikås (9 år) frå Eikås i Jølster spelte "Hoppsa frå Målselv" som deltakar på sjokoladekappleiken laurdag 9. oktober under Vestlandskappleiken. Han gjorde ein svært heiderleg innsats som ein av relativt få kappleikdeltakarar frå Sogn og Fjordane. Sjokoladekappleiken var absolutt noko av det mest gledelege under ein elles svært fin Vestlandskappleik med mykje gode framføringar godt arrangert av Hardanger Spelemannslag. 
 
Resultata frå "vaksenkappleiken" under Vestlandskappleiken 2021 kan du finne HER.