TØFT 2023 er støtta av Bergesenstiftelsen, Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga og Sparebanken Vest.
Om TØFT
TØFT er eit rekrutteringsprosjekt for born og ungdom i Sogn og Fjordane som driv med folkemusikk og folkedans. Formålet med prosjektet er å samle og rekruttere born og ungdom mellom 9 til 18 år frå Sogn og Fjordane til sosiale ungdomssamlingar, kurs, konsertar eller dans. Vil du arrangere ei TØFT-samling eller ønsker du TØFT-midlar til eit arrangement for born og unge? Send ein epost til post@folkemusikklaget.no