Nikolai Storevik har tidlegare gått i lære hjå Arne M Sølvberg på fele og hardingfele, og har vore medlem i Spelemannslaget Fjelljom i Stryn. Dei siste åra har han vore utøvande yrkesmusikar, og undervist i folkemusikk på fele og hardingfele i Oslo. No ser han fram til å jobbe for å framme folkemusikken i Sogn og Fjordane.