Styret si grunngjeving:

Prisvinnar starta å spela fele i kulturskulen 7 år gamal. Seinare vart utøvaren ein del av miljøet i spelemannslaget på heimstaden sin.

Prisvinnaren har vore aktiv på kappleikar og har fleire fine plasseringar i yngste klasse, klasse C. Prisvinnaren har saman med fleire jamaldringar drege i gong vårkonsertar der vaksne og godt etablerte spelemenn har delteke. I det heile står prisvinnaren for ei positiv og inspirerande haldning og stå-på-vilje både med sitt eige felespel og som inspirator og sosialt midtpunkt i folkemusikkmiljøet der vedkomande bur. Prisvinnaren viser stor interesse for folkemusikken og har fleire oppdrag i heimkommunen og distriktet forøvrig.

Årets prisvinnar er idag elev på musikklinja på Voss Gymnas og har spelemannen Knut Hamre som lærar.

Prisvinnaren er teken opp i Masterclass. Eit nytt opplegg der vaksne og godt etablerte spelemenn kan søkje om å få undervisning.

Styret i Audhild Flaktveit Moxnes sin Minnepris er stolte over å gje årets pris kr. 10.000,- til Marta Lindvik, frå Ulvik i Hardanger."