Luke 1: Dalsfjorden Spelemannslag.  

Vi legg hovudvekt på godt miljø, musikkglede og romsleg musikalsk takhøgd!
Knut Skoghei, musikalsk leiar
 
Dalsfjorden Spelemannslag er eit aktiv lag med medlemmar frå 14 – 93 år. Kvar tysdag møtast dei til øving på Vevang, og ein torsdag i månaden spelar dei til Torsdagsdansen i Fjaler. I januar starta Dalsfjorden året med å invitere dåverande fylkesmusikar Synnøve Bjørset til å halde kurs. Både juniorgruppa og laget fekk nyte godt av Bjørset sine gode tips!
 
Festivalarrangørar
I tillegg til årleg deltaking på lokale og regionale kappleikar, og ikkje minst Landsfestivalen, er dei også arrangørar, og i august arrangerte dei, for aller fyrste gong, Løseth-festivalen. Med stor suksess! Spelemannslaget har eit godt miljø, og kvir seg ikkje på å dra på spelemannsferd i både inn- og utland.
 
Bidreg gjerne med musikk
Knut Skoghei er musikalsk leiar, og fortel at spelemannslaget har fleire konsertar gjennom året, blant anna på sjukeheimen og Hauglandssentret. I 2015 hadde dei fleire dansespeloppdrag i bryllup og på Viksdalsmarknaden, i tillegg til den årlege vårfesten og julebordet til NFU.
 
Og enno er det ikkje ferdige med årets oppdrag. No når det nærmar seg jul deltek spelemannslaget på julekonsertar i både Hyllestad kyrkje og Dale kyrkje. Vi ynskjer dei lykke til med dei, og god førjulstid!