Sogn og Fjordane Folkemusikklag søkjer etter vikar for dagleg leiar
og folkemusikk-koordinator (50% stilling). Vikariatet varar fram til 31.12.21.

Vi søkjer etter ein person som:

-er samarbeidsvillig og lærevillig
-er genuint interessert i folkemusikk, -dans og song.
-arbeider strukturert og sjølvstendig.
-har godt nettverk frå fleire miljø.
-har eit godt språk, særleg i nynorsk.
-gode IT-kunnskapar, gjerne med erfaring frå nettpublisering.
-organisasjonserfaring
-har ambisjonar og evne til å løfte folkemusikken og folkedansen i
Sogn og Fjordane inn på den kulturelle agendaen og fram i media.

Arbeidsstad: Det vert lagt opp til heimekontor.

Møteverksemd i Sogn og Fjordane Folkemusikklag føregår som oftast
på nett, og enkelte gonger på Skei.

 

Løn etter avtale. Den tilsette vil bli innlemma i organisasjonen

sin pensjonsavtale.

Døme på arbeidsoppgåver:

-Planlegging og gjennomføring av Mokurset (opplæring
av born og ungdom).
-Dagleg drift av laget.
-Utarbeide relevant informasjonsmateriell for kurs,

Smørbukk-kappleiken og andre arrangement i områdelaget sin regi.
-Søkje midlar til drift, kurs m.m.
-Inspirere, stimulere og samarbeide med lokallaga våre.
-Koordinator for Sogn og Fjordane- og Vestlandskappleiken.
-Administrative oppgåver i laget som å vere sekretær for styret,
førebu styremøter, utarbeide budsjett og administrera laget 

sin økonomi m.m. (Laget har eigen rekneskapsførar.)
-Informasjonsarbeid som til dømes oppdatering av laget sine
heimesider, facebooksider og utsending av pressemeldingar.
-Jobbe opp mot media for å fremje folkemusikken i regionen.

 

For spørsmål om stillinga, kontakt dagleg leiar i Sogn og Fjordane 

Folkemusikklag, Liv Ulvik: 958 39 015/ post@folkemusikklaget.no

eller styreleiar Knut David Hustveit: 915 72 217, khustveit@gmail.com

Send søknad med CV til: post (@) folkemusikklaget.no