Erlend Apneseth er ung, Jølstring og ein av dei beste i landet på hardingfele. Erlend synte seg tidleg som eit stort talent og han har no utvikla seg til å bli fullblods musikar. Merittane den siste tida er blant anna: vinnar av Grappas Debutantpris 2013, finalespel i debuten i øvste klasse på Landskappleiken i sommar, vinnar av Fureprisen 2013 til unge folkemusikarar, og artist på årets Folkelarm.

I tillegg til å vere tradisjonell folkemusikar er Erlend med på ulike andre prosjekt og nyttar hardingfela i sitt virke som sjangerfri musikar. Den rykande ferske cd-en "Blikkspor" er eit handfast bevis på dei siste bragdene hans. Plata inneheld både slåttar og improvisasjonar. Denne helga har du sjansen til å høyre dette materialet "live", fredag 11. oktober kl. 19.00 i Festivalsalen på Sunnfjord Hotell.

 Vi er stolte av å opne Vestlandskappleiken 2013 med solokonsert med ein av våre eigne!

Elles er det verdt å merke seg at påmeldinga til tevlingane under kappleiken er svært bra. 361 påmeldte, fordelt på 111 sceneinnslag, lovar godt for ei kjekk helg. Ta med deg naboen på Sunnfjord Hotell, for gode sceneopplevingar, dans og super stemning.

Vel møtt!