Askvoll 13.-14.oktober

KONSERT: KAFFISLABERAS MED SIGRID OG LINDA

konsertplakat VK17 kopi_500x707
Klikk for større versjon

To kvinner. Ei fele og eit trekkspel. Kjende og ukjende slåttar. Ny og gamal musikk. Sigrid Moldestad og Linda Gytri møtast ved kjøkenbordet for å spele duokonsert saman for aller fyrste gong.

- For meg er dette ei unik moglegheit til å formidle musikk som eg ikkje opptrer så mykje med elles, fortel Moldestad. – Materialet etter Ola Bruland er eg veldig glad i, og nokre av hans slåttar lyt garantert få vere med på denne konserten.

Midt i hektisk turnè med lansering av hennar rykande ferske plate ”Vere her”, blir det også tid til denne konserten saman med Linda Gytri fredag kveld på Vestlandskappleiken i Askvoll.

Dei to damene frå Breim og Oldedalen i Nordfjord har spelt side om side på festivalar og buskspel i årevis, og også delteke saman på til dømes ”Draumelaget – lyden av Sogn og Fjordane” under Førdefestivalen. Dei har solide solokarriere kvar for seg, og er skapande kunstnarar med mykje sjølvkomponert musikk i feleskrinet og trekkspelsekken.

Konserten i Askvoll blir ein hyllest til spelemenn og –kvinner som har trakka opp vegen før dei, Moldestad og Gytri sine eigne favorittar samt nyare låtar. Kanskje dukkar det opp eit par små overraskingar også.

- Vi ynskjer å skape ei uformell stund ved kjøkenbordet, prate litt om livet og musikken, og skape ei god stund saman med publikum, fortel Gytri.  – Både Sigrid sine og mine låtar er sjølvsagt prega av våre levde liv. Eg trur vi begge er opptekne av å ta vare på dei gode stundene, og musikken er vår kanal for å uttrykkje nettopp dette.

Det er duka for eit triveleg kaffislabberas med Sigrid og Linda i Askvoll fredag kveld med musikalske smilehol, haustleg melankoli og feiande friskt nordfjordspel.


 

Tid: fredag 13.oktober kl 19.30
Stad: Askvoll samfunnshus
Billettar: vaksne kr 250 / ungdom 12-18 kr 200 / born under 18 gratis
Billettsal i døra. Kan òg førehandstingast hjå Helga Furevikstrand, tlf. 411 45 673.
Konserten vert arrangert i samarbeid med Folkeakademiet Askvoll
| Mer++