KOMP støttar kveldskurs, dagskurs, helgekurs, vekekurs og sommerkurs. Det vert primært gjeve støtte til innhenting av eksterne instruktørar (honorar, reise, opphold), evtentuelt også særskilde kostnader til leige av lokale.

KOMP kan i visse tilfelle også støtte utvikling av nytt materiell, viss dette kan bidra til generell kompetanseheving i sjangermiljøa.

Alle meir eller mindre organiserte sjangerrelaterte miljø og aktørar kan søkje, f eks organisasjonar, bandsammenslutningar/storband/lag, arrangørar/klubbar, frittståande grupper, kulturskular og andre offentlige aktørar.

Opplæringsprosjekt som når mange aktive vert prioriterte. KOMP støtter ikkje mindre enkeltband enn storband. KOMP støtter heller ikkje drift, aktivitetar med kommersielt føremål, teater/revyprosjekt, komposisjonar/arrangement, skuleinterne prosjekt eller produksjonar (konsertar, turnear, CD-utgjevingar m.m.).

Dansetiltak vert berre støtta når dansen er ein integrert del av musikkaktiviteten.

Midlane vert lyste ut med atterhald om Stortingets godkjenning.

KOMP vert administrert av Norsk musikkråd. For ytterligere opplysninger, sjå www.musikk.no