På TØFT 2023 kan dei som spelar hardingfele, cello og trekkspel lære nokre av slåttane i det nye hardingfeleverket "Våre slåttar" av Maria Skjeldrum Toppe og Johanne Løkensgard Mjøs. Desse skal framførast av "Verdens største spelemannslag" på Jubileumskonserten til FolkOrg som er 100 år, i Grieghallen 14. oktober 2023. Denne helga er det òg Vestlandskappleik med Sjokoladekappleik. Dei som er med på TØFT-samlinga får anledning til å vere med på dette, med det er ikkje noko krav.

Dei som spelar fele på TØFT, får moglegeins ikkje moglegheit til dette, noko som ikkje er heilt avklara. Grunnen til dette, er at hardingfele og fele er ulikt stemt. Dette gjer at det ikkje er veldig enkelt for felespelarar og hardingfelespelarar å spele ilag. Vi lovar likevel eit godt kurs for felespelarar med gode instruktørar!