Innbyding til Vestlandskappleiken 2019

 

 

Nordbygda spel –og Dansarlag  og Sogn og Fjordane folkemusikklag byr inn til Vestlandskappleiken 2019 i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid 18.-19. Oktober 2019.

 

På denne kappleiken vil vi også ha med runddansmusikken og runddans, slik at det vert tevling i tilsvarande klassar som fylkeskappleiken for Sogn og Fjordane.

Vi startar kappleiken med ein konsert fredag kveld med Britt Pernille Frøholm, der ho presenterer godt, gamalt nordfjordspel 

Vi vil også gje eit tilbod til dei yngste, med kurs/aktivitet i felespel og dans på laurdag føremiddag. Dessutan kortkurs i hamborgar for vaksne. Vi har lokale instruktørar og kursa er gratis.

Vi tenkjer også at dei viser fram det dei har lært som avslutning på øvinga.

 

 

Tevlingsreglar: Vi føl FolkOrg sitt reglement med desse avvika: - Fele og hardingfele er samla i same klasse. - I lagdans junior er det berre krav om minimum 3 par. - I pardans runddans junior vert det tevla berre i reinlendar. - (Merk og at ein no nyttar FolkOrg sitt regelverk i pardans runddans senior med alle fire danseartane.) 

 

Premiering etter FolkOrg sine reglar, d v s premie til dei tre beste i kvar klasse og i tillegg deltakarpremie til alle i juniorklassane. 

 

Påmelding på nett: http://tevling.folkorg.no/login/. Deltakaravgifta betalast der samstundes. Skulle nokon få vanskar med den elektroniske påmeldinga, så ta kontakt.

Deltakarar utanom distriktet er og hjarteleg velkomne til å delta. På premielista vert dei skilde ut i gjesteklassar. Påmeldingsfrist 10. oktober. 

 

Påmelding/ynskje om dansespel utanom tevling kan gå til Kjartan Naustdal på epost; kjarta-n@online.no

Det kan også vere greitt å få eit tips om ev. deltaking på kursa laurdag 10.30-12.30, sjølv om vi ikkje har nokon påmeldingsfrist her.

 

Deltakaravgift: Vi nyttar det nye systemet der det er ein sats for fyrste gong namnet vert påmeldt, og ein redusert sats for kvar ekstra påmelding av same personen. For Senior er satsane 200,-/100,- og for junior 100,-/50,-. Det er same satsane om ein deltek i solo, par eller lag. 

 

Overnatting: Nordfjord hotell har kappleikspris for deltakarar på kappleiken.

 

Kontaktpersom Aud Sissel Orheim 

Aud Sissel Orheim 

orheim.aud.sissel@gmail.com

 

 

Vestlandskappleiken 2019   Operahuset – Eid     

 

Førebels program

Fredag 18.10:

1700:   Kappleikskontoret opnar for billettsal og registrering.

1900:   Konsert Britt Pernille Frøholm

2015:  Opning

 Tevling i runddans:

·       Solo fele/hardingfele jr/sr

·       Solo durspel jr/sr

·       Solo andre instrument jr/sr,

·       Lagspel trekkspel/durspel

·       Gruppespel runddans (gammaldansgrupper)

·      Pardans runddans (4 dansar for senior og berre reinlendar for junior)

·       Lagdans runddans (1 dans valfritt) 

·       Finale pardans runddans.

Alle speltevlingane går til dansande publikum.

01.00:   Premieutdeling og deretter slutt for kvelden

 

Laurdag 19.10

0900:   Kappleikskontoret opnar for billettsal og registrering 

10.30:  dans/spel for born og hamborgar for vaksne

1300:   Spel fele/hardingfele C og B

            Dans C og B    

1500:  Lagspel fele/hardingfele med dansande publikum

1600:  

·      Samspel junior

·      Vokal C, B, D og A

·      Eldre folkemusikkinstrument

·      Durspel bygdedans solo

·      Open klasse

·      Dans D og A

·       Lagdans bygdedans jr./sr.

·       Spel fele/hardingfele D og A

1900:   Lagspel runddans. Dansande publikum. Kvart lag spelar 4 slåttar, og 2 av desse er teljande. Ein bygdedans eller helst to vert organisert mellom kvart lag.

 

  • Utdeling av Audhild Flaktveit Moxnes sin Minnepris 2019 etter tevlingane.

 

01.00:   Premieutdeling og avslutning.

 

NB! Tidspunkt kan verte endra når vi ser påmeldingane.