Sogn og Fjordane folkemusikklag har tidlegare orientert om planane for eit gammaldansarrangement på Skei.  Trass utviklinga av pandemien er det framleis håp om at arrangementet kan gjennomførast som planlagt.  Dette tek vi endeleg stilling til 30. august. Straks etter dette legg vi ut informasjon om endeleg avgjerd på nettet.
Opplegget for festen er som følgjer:
Det vert variert dans til musikk av Fjellklang Spelemannslag, Arve Røneid sitt gammaldansorkester og Austrheim Musikklag frå kl 20.00 til kl 02.00
Hotellet har gjeve oss pristilbod på overnatting og mat for dei som ynskjer det.  Det vert lagt opp til tinging av billettar på nettet. 
Vi kjem attende med endeleg opplegg når vi veit om vi får gjennomføre arrangementet.  Vonleg vert dette eit sterkt etterlengta høve til å få danse variert gammaldans for alle som ynskjer.   

Hald av datoen og del denne infoen på nettet!