0_1920413

Sogndal 2.-3. mars

Fylkeskappleiken nærmar seg

Fylkeskappleiken 2018 går av stabelen 2.-3. mars i Sogndal, og no er påmeldinga opna!

Denne veka gjekk invitasjonen ut til medlemslaga i fylket, og påmeldinga har opna. Påmelding skjer på nett, på http://tevling.folkorg.no/login/. Grupper og lag kan òg melda seg på over epost. Nærare informasjon om dette finn ein på sidene til Fylkeskappleiken.

I fjor var over 240 einskilddeltakarar påmelde kappleiken i Naustdal, og det lovar godt for kappleikstradisjonen i fylket. I Sogndal ligg forholda godt til rette for at det vert ein god kappleik. Kappleiksstaden er Quality Hotel Sogndal, og er kjem alle tevlingane til å gå føre seg, i tillegg til smørbukkappleiken, dans begge kveldane og opningskonserten fredag kveld. I tillegg kan ein både overnatta og eta same stad.

Kappleiken opnar med ein konsert som syner den store variasjonen i folkedans og folkemusikk, både instrumental og vokal, i Indre Sogn. Så går ein rett vidare til alvoret - og moroa - med tevlingar runddansklassane i både dans og spel, i tillegg til open klasse, frå ca kl. 21, og opne dansegolv frå ca kl. 23. Laurdag føremiddag er det tevlingar i både spel, vokal og lagdans, før høgdepunktet for mange, smørbukkappleiken. Om ettermiddag fortset tevlingane, både i spel, pardans og halling. Finale vert det kl. 20, før det er tevling i lagspel runddans med dansande publikum, og sidan kan både publikum og spelmenn spela og dansa vidare. Oversikt over førebels program kan ein finna her.

| Mer++