Folkemusikkprisen er ei heidersutmerking og blir delt ut anna kvart år til ein person, lag eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for folkemusikken i fylket.

Her kan du lese grunngjevinga for tildelinga av Folkemusikkprisen 2022 til DAGRUN HESJEVOLL,

Dagrun Bakken var fødd i Jostedal 18.07.49.

Som vaksen, traff Dagrun kjærleiken i ungdomkjærasten og folkemusikaren Harald Hesjevoll. Dei gifta seg i -68. Ungane kom raskt til, to stykker. Familien busette seg med eige hus i Jostedalen i -74. I heimen var det mykje folkemusikkaktivitet .

Dagrun jobba på konfeksjonsfabrikken i fleire år. Då denne vart outsoursa til Portugal, tok Dagrun eit kurs i etablering av bedrift og saman med andre starta opp konfeksjonsfabrikken , Breheim Konfeksjon, og jobba der som dagleg leiar og syerske i nokre år.

Jostedalen spel- og dansarleg starta opp igjen i -79 og Dagrun hadde fleire styreverv, mest som leiar i mange år. Ho er æresmedlem i laget.

I tillegg til å vere i folkemusikkens teneste, var ho også aktiv i Luster husflidslag. Der hadde ho mange verv, også som leiar. Seinare var ho leiar i fylkeslaget i 8 år. Ho vart tildelt Gullnåla med diplom frå Norges husflidslag for arbeidet for husflidssaka.

Dagrun hadde og har eit bankande hjarte for ideelle organisasjonar og arbeidet i høve desse vart etterkvart ein livsstil. Ho tok og 1 års utdanning i leiing og administrasjon i Førde i regi av kvinneuniversitetet i Løten

Dagrun vart valt inn i styret for Sogn og Fjordane folkemusikklag i -84 og vart tilsett som dagleg leiar i -88. Elin Grytting var styreleiar.

Historia til Sogn og Fjordane folkemusikklag og Dagrunn går så hand i hand.

Folkemusikklivet var i aukande blomstring og aktiviteten vart stor på denne tida.

Dagrun og Elin vart m.a utsende til Falun og Kaustinen for å ha møte med og å få inspirasjon, råd og tips frå arrangørane der i vidare arbeidet med etablering av Førdefestivalen.

Folkemusikklaget hadde starta opp ei ordning med reiseinstruktørarar til dei laga som ønska besøk.

Seinare vart folkemusikargruppa etablert og tok over verksemda. Dei tok folkemusikken og dansen rundt i bygdene i heile fylket.

Lagsaktiviteten var aukande og folkemusikklaget inspirerte til og arrangerte kursverksemd rundt i heile fylket; i form av spel, song og dans, både grunnkurs og instruktørkurs. I samarbeid med Hordaland arrangerte folkemusikklaget storkurs.

Dagrun var primus motor i administreringa av dette arbeidet .

I Folkemusikklaget sitt arbeid med å løfte fram den vokale folkemusikkarven frå Sogn og Fjordane, vart det etablert ei nemnd med Oddvin Haugland, Elin Grytting og Judith Vestreim. Desse arbeidde fram songboka «Skumringstimen». Prosjektet var finansiert av Sogn og Fjordane folkemusikklag og ferdigstilt i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Mokurset fekk ein eksplosiv auke i elevtal frå 40 elevar til rundt 100 elevar .

Mange av våre fremste lokale og nasjonale folkemusikarar og dansarar i dag fekk grundig opplæring i spel, dans og song på Mokurset. Dei fekk og trening i å opptre som grupper, einskildutøvarar og programleiarar på scene.

Dagrun hadde ein unik kunnskap om og kjennskap til dyktige tradisjonsbærarar i lokalmiljøet og på landsplan . Ho skaffa såleis berre dei beste lærarkreftene til Mokurset.

Elevane var fagleg og sosialt trygge i dette miljøet med Dagrun som dag- og nattmamma MO rundt seg.

Valdres folkemusikklag kontakta Dagrun for å få inspirasjon og informasjon til å starte sitt eige liknande kursopplegg. Slik kom Strunkeveka til .

Folkemusikklaget arrangerte kvart år eit barnetreff i saman med lokallaga. Dette turnerte rundt i fylket og vart kalla Smørbukk-kappleiken.

I den generelle kontakten med lokallaga og ressurspersonar i miljøet, representerte Dagrun sjølve kontinuiteten og limet i folkemusikkmiljøet. Ho hadde god og tett dialog med lokallaga og LFS.

Ho hjalp lokallaga i ma tilrettelegging av lokale kappleikar og skaffa domarar, dreiv politisk lobbyverksemd og var ein kløppar til å søkje og skaffe goodwill og økonomiske midlar gjennom uttallege stønadsøknader.

Dagrun ytte høg respekt for alt arbeidet ho la ned og i mange faglege jobbsamanhengar vart ho karakterisert for å vere både orakel, snurrebass og potet.

Så skal det seiast at Dagrun har stor glede av å lytte til folkemusikken og svinga seg gjerne i dansen på alle arrangement.

Vi takkar Dagrun for innsatsen for Sogn og Fjordane folkemusikklag for solid utførd arbeid i 30 år.

Det er ei stor glede for Sogn og Fjordane Folkemusikklag å tildele Folkemusikkprisen 2022 til Dagrun Hesjevoll.