Folkemusikkprisen 2020 går til ein utøvar, pedagog og viktig tradisjonsberar som gjennom mange år har lagt ned ein betydeleg innsats for folkemusikkmiljøet i Sogn og Fjordane. Vestreim har gjennom eit heile livet sitt vore viktig for formidling og bortlæring av folkesongar. Gjennom Krudlalaget har fleire hundre ungar lært folkesongar av Vestreim. Vestreim, som også er kvalifisert til A-klassen, har bidrege til fleire album, mellom anna Bufaste Tonar som kom ut i 2009. I tillegg var ho heilt essensiell i arbeidet med songheftet Skumringstimen, som har gjort vokal folkemusikk frå heile trivselsfylket tilgjengeleg for fleire. 

 

Folkemusikkprisen er ei heidersutmerking og blir delt ut anna kvart år til ein person, lag eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for folkemusikken i fylket. Grunna pandemien vert  prisen for 2020 utdelt i etterkant.

Her kan du lese grunngjevinga for tildelinga av Folkemusikkprisen 2020 til Judith Margrethe Borlaug Vestreim:

Judith Margrete Borlaug Vestreim (f. 10.06.55 i Høyanger)  frå Kaupanger er ein av dei alle fremste folkesongarane  i fylket vårt, og ein framifrå representant for folkemusikktradisjonane  i Sogn. Ho hugsar songen frå  eigen heim og eit sterkt kormiljø heime i Høyanger, der ho var fødd og vaks opp til ho var 5 år. Familien flytta så til Kaupanger der Judith blei kjend med songtradisjonar i kor-, bedehus-,vise- og folkemusikkmiljøet. 

Som sjuåring deltok Judith i ein talentkonkurranse  i Sogndal med songen  «Lillemanns dag er slutt, leken er nu forbi». Talentkonkurransen vann ho.

Judith engasjerte seg seinare i det lokale musikkmiljøet som formann i Kaupanger bygdakor, skrivar og aktiv styremedlem i Sogn songarlag. Ho var vokalist i  Sogndal visegruppe som ein ofte kunne høyre i lokalradioen NRK Sogn og fjordane på 80/90-talet. Visegruppa, Sverre Volle, Lars Amundsen , Olav AAraas og Judith, hadde også folkemusikk på reportuaret.

 

Gjennom Svein Skjerdal i Sogn spel– og dansarlag, blei Judith presentert for folkesongtradisjonen av og med Ragnar Vigdal frå Luster, og er i dag ein av den fremste tradisjonsbærarane etter han. Ho er også vel forankra i spelemannstradisjonar gjennom fleire slektsledd der farmor til Judith si farmor var søster til Sjur Eldegard, storspelemann frå Sogn.

Judith er ein allsidig utøvande tradisjonsbærar på så mange felt¸ som brukskunstnar, kulturformidlar, gryndar, folkesongar og  pedagog – og med mange jarn i elden på ein gong.

Heime på den tradisjonsrike garden Vestreim etablerte og dreiv ho verksemda , Kaupang Design Borgstova a/s, som handverkar og dagleg leiar.Her var det støyping av smykker, knappar, produkt i ulike metall. Produkta var henta frå museumssamlinga på DHS, Sogn folkemuseum. Det mest kjende produktet frå verksemda er «TOMLINGEN», eit handstøypt brennevinsbeger i tinn. Produkta vart formidla med historikk og folkesong for besøkjande bedrifter og turistar.

Ho har også i ei årrekkje vore kulturformidlar og vert ved Musea i Sogn og Fjordane avd DHS, Sogn folkemuseum der folkesong og god tradisjonsmat var viktige ingrediensar. Judith diska opp med begge delar.

Sogn spel- og dansarleg gav Judith i oppdrag å fremje den vokale folkesongen.Judith starta slik barnesonggruppa Krudlalaget på slutten av 80-talet og driv den framleis aktivt som lærar i kulturskulen i Sogn.

Som lærar og utøvar i folkesong ved kulturskulen i Sogn har Judith vektlagt formidling av folkesongen i små aldersdelte grupper der dei teiknar og syng.

Her øvar dei yngste seg til å bli sjølvstendige og begeistra forteljarar av songen.

Som lærar i  kulturskulen i Sogn har ho vidareført og etablert Krudlalag i 5 bygder i Sogn og har i dag totalt rundt 50 elevar.

I tillegg til krudlalaga der ungane syng songar med krudl og trinn i god tradisjon, reiser ho også rundt til barnehager med Toneskrinet, eit pedagogisk opplegg med folkesong for dei yngste, som inneheld 10-12 songar, rim, regler og små segner, presenterte gjennom teikning og song. 

Såleis har Judith gjeve born ei unik innføring i den vokale folkemusikktradisjonen og inspirert dei til å bruke eigen fantasi til skapande kreativitet gjennom ord, bilete og tone.

I 2004 deltok Judith med Krudlalaget i TV-serien «Klart eg kan» og i 2009 kom cden «Da finns so maongn ein vakker saong» med Krudlalaget.

Som lærar ved Ole Bull Akademiet i snart 20 år har Judith undervist på vekekurs for  universitet- og høgskulestudentar. Gjennom det pedagogiske opplegget,Toneskrinet, har ho presentert og undervist i korleis ein kan formidle folkemusikk til born og unge. Ole Bull Akademiet vurderer Judith til å vere ein av dei største ressursane på dette fagfeltet, både i regional og nasjonal samanheng.

Judith har også Eldresong på sjuke- og aldersheimar i tre kommunar  i Sogn ein gong i veka i regi av Den kulturelle spaserstokken.

Som A-klassesongar (utøvar i eliteklassen på Landskappleiken) har ho gjort ei mengd turnear og konsertar, både solo og i samband med andre musikarar i inn- og utland. Ho har medverka i turnear for Den kulturelle skulesekken, skulekonsertordninga og barnehagekonsertordninga i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Vestland fylkeskommune.

Kyrkjekonsertane ho har halde og delteke i er utallige. Judith er ein kjær etterspurd utøvar i gravferd som i festlege samkomer.

I 1996 gjennomførde ho ein 6 vekers turne i USA med kunstutstillinga «Formother» saman med kunstraren Kirsti Ylvisåker, der folkesong og biletkunst gjekk hand i hand.

Ho har delteke på Førdefestivalen med konsertane «Liljar» saman med Elin Grytting og Berit Oppheim, «Bufaste tonar» med Håkon Høgemo og Tom Karlsrud og «Toneskrinet» saman med Oddbjørn Ramstad og Leif Aslaksrud.

I mange år og framleis har ho eit framifrå samarbeid med Håkon Høgemo og Tom Karlsrud i trioen Bufaste tonar. Dei har gjeve ut 2 cdar –sterke produksjonar som synleggjer tradisjonane i Sogn og Fjordane, Vestland på ein førebiletleg måte. Dette samarbeidet har hatt og har stor innverknad på Judith sin inspirasjon i arbeidet med å fremje folkesongen.

Trioen Bufaste tonar vart også valde ut til å formidle norsk folkemusikk under OL i Nagano, 1998.

Sommarkonserten med Bufaste tonar i 2019 i St.Tomas-kyrkja på Filefjell var den siste før pandemien slo til.

I samarbeid med Oddvin Haugland og Elin Grytting var Judith medforfattar av songboka «Skumringstimen». Intensjonen med dette øvingsheftet var å løfte fram den vokale folkemusikkarven frå Sogn og Fjordane. Prosjektet var finansiert av Sogn og Fjordane folkemusikklag og ferdigstilt i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Innsatsen til Judith som utøvar, pedagog, initiativtakar og tilretteleggjar er mangfoldig og til inspirasjon for oss alle, både store og små.

I 2007 mottok Judith Margrethe Borlaug Vestreim  kulturprisen frå Sogndal kommune. 

Det er ei stor glede for Sogn og Fjordane Folkemusikklag å tildele Folkemusikkprisen 2020 til Judith Margrethe Borlaug Vestreim.

 

 

 

Heile grunngjevinga kan du lese under: