Meisterklassen Mokurs2015

Mokurset, 5.-10. juli 2015

FANTASTISK KURSVEKE PÅ MO

Årets Mokurs er over for denne gong, og før vi startar planlegginga av nytt kurs neste år tek vi ein velfortent ferie - det håpar vi de også gjer!

Mokurset 2015 er historie og vi kan sjå attende på ei kursveke med ny rekord i iseting trass lite sol og lite bading. Men, kva gjer vel det når ein har morsomme instruktørar ei heil veke og får lov til å spele folkemusikkperler frå ulike stader i landet?

Stor takk til alle om bidrog til at det gjekk så bra som det gjorde, og takk til instruktørane som stod opp med eit smil om munnen kvar morgon, og ikkje minst deltakarane, både nye og de som kjem att år etter år! Velkomne att neste år!

 

Foto av Ingrid Heieren: "Årets Meisterklasse"

| Mer++