Bli med på TØFT-samliing på Viksdalen skule/samfunnshus 13. og 14. april! Det vert lynkurs i pols, dansekurs med hovudvekt på halling for ungdom frå 9 år, Små-TØFT for dei under 9 og dansekveld. Hugs å melde deg på innan 9. april!
Sogn og Fjordane Folkemusikklag disponerar i dag kr. 70.000 i TØFT-midlar. Du kan no søke om desse ved å sende epost til post@folkemusikklaget.no. Sjå meir info her!
TØFT-samlinga på Skei skule i Jølster fredag til sundag, 26.-28. januar, samla born og ungdom frå 9 til 16 år frå Sogn og Fjordane og nokre frå Møre og Romsdal, til å spele folkemusikk saman. Det vart ei kjekk helg med musikalsk og sosialt samvær.
I høve TØFT-samlinga på Skei 26.-28. januar kjem Kviven duo til mellom anna Jølster samfunnshus laurdag 27. januar kl. 19:30. Her får dei unge oppleve folkemusikk på høgaste nivå! Konserten er sjølvsagt for alle, så det er berre å notere datoen! Elles spelar dei òg i Volda 20. jan og på Nordfjordeid 21. januar. Bli med!