Om du har lyst til å verta betre kjend med folkemusikk og dans, nettopp har byrja med song, dans eller spel, eller har dreve på i årevis er du velkomen til å vera med på Juniordag! Samlinga skal vera på Skei skule 15.nov kl 12-16.30, og er for alle mellom 2 og 19 år. Det vert felles song og dans for alle, gehørbasert læring i mindre grupper etter instrument og nivå (også dans), og framsyning/konsert til slutt der me viser fram det me har lært på kurset. For dei under skulealder vert det eit kortare opplegg med song og dans. Juniordagen er gratis for alle.

Timeplan og instruktørar kjem etterkvart! Påmelding innan 22.oktober. Trykk her for å melda deg på.

Me fylgjer til ei kvart tid dei gjeldande reglane og tilrådingane når det gjeld smittevern i høve covid-19, og for at me skal få til dette til på best mogelege vis ber me om påmelding i god tid på førehand, og innan 22.oktober. Ta kontakt med oss på post@folkemusikklaget.no om du vil vera med, men har gått glipp av påmeldingsfristen.