-Vi er veldig glade for at det populære musikklaget frå Gloppen har sagt ja til å ta turen austover og bidra til ei flott folkemusikkhelg! Det seier vertskapet på garden, Margrethe Henden Aaraas og Olav Skrøver Aaraas.

Margrethe er oppvaksen på Sandane, og fekk idéen til arrangementet då ho og foreldra reiste på tur med Hurtigruta, frå Bergen til Kirkenes, sommaren 2017.  -Det var ei uforgløymeleg reise. Austrheim Musikklag var med på turen, og kvar kveld svinga passasjerane seg til frisk gammaldansmusikk, tango og swing . No vil vi gjerne gjenskape den glade sommarstemninga på garden vår, fortel Henden Aaraas. Det blir ekstra moro dersom dansarar og publikum frå heimfylket tek turen austover, legg ho til.

Spel og show

Folkemusikarane frå Gloppen blir ikkje åleine på scena gjennom kulturhelga på garden like utanfor Oslo. Frå Trondheim kjem Snaustrinda Spelemannslag, kjende som studentspelemannslaget frå NTNU i Trondheim. Til liks med laget frå Gloppen spelar dei vanleg fele, trekkspel, gitar og bass. I tillegg har gjengen frå trøndelag fløyte, klarinett og vaskebrett i besetninga. Dette er ein gjeng som også showar, når høvet byr seg!

Dansekurs

-Vi ventar besøk av fleire lokale leikarringar med dyktige dansarar som også vil ha eigne danseoppvisningar.  Har du ikkje  opplevd stabbedans tidlegare, vil nok høvet by seg då! Det blir også høve til å delta på dansekurs laurdag 22.juni, fortel Henden Aaraas.

På Facebook (Aaraastunet) kan interesserte lese om arrangementet, sjå bilder frå garden og finne tips om overnatting i nærleiken. Der kan ein også gje tilbakemelding om ein vil delta, og vere sikra seg plass på høyloftet laurdagskvelden. Utfyllande program blir lagt ut på fb. og på garden si heimeside i april.