Anders Møn Mjelde er født i 2008 og byrja å spela hardingfele 5 år gamal. Prisvinnaren vaks opp i eit hus med ein felespelande far og har ein felespelande bestefar i Hardanger. Difor var lyden av hardingfela og interessa for instrumentet tidleg vekt. Gjennom faren og bestefaren, og gjennom opplæring hjå mange andre har prisvinnaren stor slåttekunne.
Han byrja fyrst å spele i heimen og så hjå Leif Rygg. Ganske raskt byrja han i Voss Kulturskule med Johanne Mjøs som lærar, og hadde Johanne som lærar i fleire år. Han vart og med i Voss Spelemannslag, fyrst på juniorøvingar og sidan i det vaksne laget. Han har delteke i samspelgrupper med spelemenn på same alder i regi av laget. Han har og delteke på ei mengd kurs som Strunkeveko, Ungosa og andre. Gjennom dei siste par åra har han hatt Knut Hamre som lærar. Slik kjenner han godt til feletradisjonane i både Voss og Hardanger.
Prisvinnaren har gjennom fleire år delteke på kappleikar og gjort det svært bra. Han har og ein og annan spelejobb som vert utført på svært god måte. Soleis går denne kulturforma vidare til nye generasjonar.
"Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal."
Prisen er støtta av Sparebanken Vest med fleire, og har vore delt ut årleg sidan 2007.
Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.
I styret for minneprisen sit Arne Anderdal, Sigrid Moldestad, Eva Marie Toppe og Erling Moxnes.
Audhild Flaktveit sin minnepris 2025 til Anders Møn Mjelde frå Voss
AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE 2025 er tildelt Anders Møn Mjelde frå Voss. Prisen, som er på 20 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Øystese, laurdag 11. oktober.