Innkallinga til Årsmøtet  vart sendt ut på epost til laget sine medlemmer 6. mars. I denne innkallinga er òg ei lenkje til det digitale møterommet der Årsmøtet finn stad. Dersom du av ein eller annan grunn ikkje finn denne innkallinga og trenger å få lenkja tilsendt på nytt, send ein epost til post@folkemusikklaget.no

På Årsmøtet kan alle medlemmer delta og har òg talerett, men det er kun to utsendingar per lokallag som har røysterett. Meir info om årsmøtet finn du i vedtekene til Sogn og Fjordane Folkemusikklag

På dette Årsmøtet vert det mellom anna vedteke om Sogn og Fjordane folkemusikklag skal stemme for å slå seg saman med Hordaland Folkemusikklag eller ikkje.

Vel møtt!

 

Instruksar til bruk av Teams:

1. Sjekk at kamera og lyd på datamaskina fungerar i god tid før Årsmøtet, og at internettet er godt nok.

2. Trykk på lenka over eller skriv den inn i ein nettlesar.

3. Trykk på "Continue on this browser" dersom du ikkje har lasta ned Teams-programvaren/appen. (Å laste ned appen er ikkje nødvendig, men anbefalt ettersom det førar til færre tekniske problem.)

4. Dersom det dukkar opp vindu oppe i skjermen der nettlesaren spør om tilgong til kamera og/eller lyd, så trykk tillat.

5. Skru på knappen for kamera og knappen for lyd, og trykk «join now»