


FYLKESKAPPLEIKEN 2011
Vi minner om påmeldingsfristen 21. mars!
UNESCO-PRIS TIL TALENT 2008
Ingrid Stuhaug frå Naustdal var ein av tre norske musikarar i Talent 2008, og skal i april til Paris for å motta UNESCO-prisen, saman med dei andre som var med på prosjektet.
SMØRBUKK-KAPPLEIKEN 2011
Smørbukk-kappleiken 2011 går av stabelen 12. mars på Mo i Førde. Påmelding til Folkemusikklaget innan 20. februar.

DANSEKURS MED AMI OG ELLIKA
Jostedal Spel- og Dansarlag arrangerer dansekurs med Ami Petersson Dregelid og Ellika Frisell 4.-6. mars. Påmelding innan 25. februar.
JAKTSTART MED FELEBYTE
Linda Eide og Sigrid Moldestad tek publikum med på ei musikalsk og verbal reise inn i vestlendingens ytre og indre sjeleliv, med framifrå gjesteartistar frå både kjerneområdet og dalstroka utanfor.
FOLKEMUSIKKFEST I STORSALEN
Førdefestivalen og Førde kommune inviterer til folkemusikkfest med Sigrid Moldestad, Indre Sunnfjord Spelemannslag og Sigmund Eikås m/ unge hardingfeletalent i Førde si nye storstove; Storsalen i Førdehuset.
DANSEDOKKE, LANGELEIK, SPRINGAR OG SONG
Valdrisane Elisabeth Kværne og Stian Roland kjem til De Heibergske Samlingar (Sogn Folkemuseum) for å by på langeleikspel, folkesong og springardans.
NORDIC
Den kritikarroste folkemusikktrioen Nordic frå Sverige held konsert på Høeghsenteret på Haugland, Flekke, søndag 16. januar.
FOLKEMUSIKKHELG I JOSTEDALEN
Jostedal Spel- og Dansarlag inviterer til folkemusikkhelg 7.-9. januar. Det blir kurs og konsert med Håkon Høgemo, og dans til musikk av spelemannslaget med fleire.
APNESETH, FJERDINGØY, REINHOLDT
Erlend Apneseth, Hilde Fjerdingøy og Ingebjørg Lognvik Reinholdt held konsert i Aulaen på Firda vgs. torsdag 6. januar.
ROMJULSFEST I FOSSHALLA
Naustedalen Spelemannslag arrangerer den tradisjonelle romjulsfesten i Fosshalla 5. juledag. Årets gjester er Gaular Spelemannslag.
KONGENS SØLV TIL ARNE M. SØLVBERG
Spelemannen, dansaren og komponisten Arne M. Sølvberg fekk laurdag 4. desember tildelt Kongens Fortenestemedalje i sølv.No events to display