Søndag 7. august går den årlege Paulenkonserten av stabelen i Førs i Jølster kl. 15.30. På Paulenkonserten er det musikk etter Paulen-brørne som står i sentrum, og i år er det Indre Sunnfjord Spelemannslag som serverer smakebitar frå den store musikkskatten frå Paulen.

Av ein søskenflokk på ni, var det seks av Paulen-brørne som spelte fele. Tre av dei, Moses, Adolf og Petter, var også komponistar. Mykje av musikken etter Paulen-brørne inngår i dag i mange spelemenn sitt repertoar, men det er også meir ukjent stoff som ikkje blir like mykje brukt.

Arrangementet blir flytta til Skei Hotell dersom veret blir dårleg.

Laurdag 13. august er det konsert med nokre av landets fremste spelemenn på Eldegard i Årdal kl. 15.00. Håkon Høgemo, Per Sæmund Bjørkum, Leif Rygg, Knut Hamre, Synnøve S. Bjørset, Britt Pernille Frøholm, Svein Hjellbakk og Svein Nesje står for musikken. Svein Nesje, som sjølv er av Eldegardsslekt, vil leie konserten og knyte musikken til soga om og livet på Eldegarden. Inntektene frå konserten går til vedlikehald av bygningane på den fråflytta einbølte garden.

Eldegard var heimstaden til fleire generasjonar spelemenn og –kvinner, og mellom dei mest kjende var Sjur Eldegard og Sigurd Eldegard. Eldegarden ligg omlag 330 meter over havet, og det tek ca 45 min. å gå opp frå fylkesvegen. Stien er skilta og går frå Bremborg, midt mellom Årdalstangen og Øvre Årdal.