I fjor gav Det norske solistkor ut plata "Ròs- Songs of Christmas". Torsdag 4. desember kl. 1930 kjem dei til Førde kyrkje for å halde julekonsert. Koret vert dirigert av Grete Pedersen. Med seg på laget har dei folkemusikarane Berit Opheim, Gjermund Larsen, Bjørn Kjellemyr og Rolf Lislevand. Julekonserten vert arrangert av FolkJazzScena.
Det vert stemningsfull adventskonsert med Margit Myhr og Erlend Apneseth i Jostedal kyrkje fredag 12. desember kl. 1930. Publikum vil blant anna få høyre eit utval av vakre julesongar, religiøse folketonar og eigne komposisjonar
Austrheim musikklag og Austrheim mannskor innbyr til "Ny konsert og gamal dans" laurdag 22. november kl. 20.00 i Hyen samfunnshus. På programmet står i tillegg til arrangørlaga også Stardalen mannskor, Henrik Silferhielm og Hyen spelemannslag. Etter programmet vert det dans ut over natta.
Det nærmar seg den store meisterkonserten i Operaen i Oslo søndag 23. november. I alt 23 noregsmeistrar frå årets Landskappleik og Landsfestival skal opptre under konserten. Frå vårt eige fylke skal både Gro Marie Svidal frå Indre Sunnfjord spelemannslag som vann hardingfele klasse A på Landskappleiken og Britt Pernille Frøholm som vann hardingfele/fele solo senior under Landsfestivalen i aksjon.
Med fellesnemnaren Øyvind Sandum på trekkspel slår dei to folkemusikkduoane Kvernberg/Sandum og Brødrene Sandum seg saman til ein ny trio. Det blir retteleg god musikk å både lytte og danse til når dei spelar opp til konsert og dans på Straumsnes Grendahus torsdag 20. november kl 19.30. Arrangørar er Dalsfjorden spelemannslag og Fure & Våge Songlag.
14.-16. november er det på nytt klart for Jeremiasfestival i Gloppen. Festivalen startar fredag med dans til Firda spelemannslag og Grannelaget på Gloppen hotell. Laurdag er det klart for Gallakonsert med bl.a Jeremiasorkesteret, Asbjørg og Arne Sølvberg, Linda Gytri, Steinar Rygg, Honndalsmusikken, Elin Grytting, Vidar Underseth og Leikny Aasen. P.A. Røstad Orkester spelar opp til dans etter konserten. Søndag vert det kyrkjekonsert i Vereide kyrkje med organist Ivar Kleive og gitarist Knut Reiersrud.
LUX med Unni Løvlid og Håkon Thelin kjem på Vestlandsturne i perioden 30. oktober til 8. november. I vårt eige fylke er det Førde, Stongfjorden, Dale, Sandane og Hornindal som får besøk denne gongen. Oversikt over tid og stad for dei ulike konsertane finn du nedanfor:
Etter 26 år som tilsett og 4 år i styre så er eg no slutta i Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Det har vore ein spanande og triveleg jobb, men no var tida for lengst komen for nye og yngre tankar. Eg er glad for at Ingrid overtek, og eg veit at ho kjem til å gjere ein kjempegod jobb for organisasjonen. Eg ynskjer ho all mogeleg lukke til i arbeidet.
Så vil eg takka dykk som eg har hatt kontakt med i så mange høve. Det har vore kjekt å vorte kjend med og samarbeida med så mange. Me møtest nok at på kappleikar og andre folkemusikktilstellingar.
Kine Svori frå Jostedal vart under Vestlandskappleiken i Granvin tildelt Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris. Prisen som er på 10 000kr og vert utdelt kvart år til ein ung og lovande utøvar på hardingfele.
Vestlandskappleiken 2014 er vel i hamn. I alt 63 startnummer stilte opp i konkurransane på laurdag. Frå Sogn og Fjordane vart det blant anna siger til Gamlebanken spelemannslag (foto) og andreplass til Gro Marie Svidal i spel hardingfele klasse A. I C-klassane vart det siger til Hilda Sofie Taklo i vokal og andreplass til Kine Svori i hardingfeleklassa. Kine vart også tildelt Audhild Flaktveit Moxnes minnepris.
Fullstendig resultatliste frå kappleiken finn du her: