Musikken er henta frå dei lokale/regionale musikktradisjonane i Sogn. Nokre av slåttane er godt kjende frå før, andre har ikkje vore i bruk på lang, lang tid.
Plata har fått særs god omtale i t.d. Folkemusikkbladet (FolkOrg). Her rosast godt samspel og ein eigen måte å arrangere og framføre den gamle slåttetradisjonen på.
 

Om tittelsporet:
Ost å brø er slik som Arne Bjørndal skreiv det som tittel på notearket, etter å ha notert denne slåtten etter Ola N Kvamme frå Borgund i Lærdal. Bjørndal var svært nøyaktig når han skreiv ned slåttar. Difor vil me ikkje retta det til ost og brød, etter dagens rettskrivingsreglar. Bjørndal skriv: “Kvamme lærde slåtten av Ola Røyken frå Lærdal i Sogn. Ola Røyken spelte ein gong i eit lag på Grøtte i Lærdal, og spela mellom anna ein springar. Då han hadde spela ferdig, sa han: ”Denne slåtten kallar eg Ost å brø. Dette var slengord til Grøtakarane, som hadde ord på seg at dei heldt dårleg kost. Dei tok dette til seg, vart sinte på spelemannen, og spente til fela så ho fauk av i halsen. Seinare vart slåtten kalla ost å brø, og fela vart vølt “(reparert).
I seinare tid har fela etter “Gamle Røyken” dukka opp att i beste velgåande. Biletet på framsida av denne plata er av denne fela, ei “Trondafele” frå 1760 talet. Halsen er ny, men fela like god. Me har fått låna fela av nåværande eigar og slåtten (spor 7) er nå innspelt på fela etter Ola Røyken. (1789-1884)
Billettar hjå TicketCo :https://fjelly.ticketco.events/…/lanseringskonsert_ny_cd…
eller med Vipps i døra kr 250,-