Alle i TØFT-alder 9-20 år er særskilt innbodne på kurs, men denne gongen er kurset ope både for ungdom og vaksne. Det blir fokus på samspelslåttar som er kjekke å spele saman. Dersom det vert behov for fleire grupper/nivådeling, vert det sett inn fleire instruktørar når vi ser påmeldinga.
Er du i TØFT-alder og har spela mest hardingfele, så bli med likevel. Vi kan hjelpe til med å ordne fele eller eventuelt stemme i hop.
Hovudinstruktør Oda Ovidt Bardal er akkurat ferdig med
ein bachelor i musikkvitenskap ved NTNU i Trondheim, og har i to år av denne perioden vore musikalsk leiar i Snaustrinda Spelemannslag ved Studentersamfundet i Trondheim. I løpet av sin musikalske reise har ho vore borti ulike tradisjonsområde som for eksempel Nordfjord og Setesdal, men det er materiale fra Trøndelag som står på planen for dette kurset, så ta med deg fela og lær deg eit par trønderske slåttar!
Kursplan:
Oppmøte i Fjellvarden kl. 1450
Kurs frå kl.15.00 -1745 med innlagde pausar med frukt og andre forfriskingar undervegs.
1745-1830: Pizza for alle
Kursavgift:
50kr for born og unge (opptil 20 år)
100kr for vaksne
Etter kurset vert det dansekveld med Snaustrinda spelemannslag frå kl.1900 som alle bør få med seg!. (Sjå eige arrangement)
Påmelding til antoniakaretekongsvik@gmail.com innan laurdag 25.juli
Vel møtt!
Kurset er støtta TØFT og Frifond
TØFT-kurs 28. juli i fele
Spelemannslaget Fjelljom innbyr til TØFT-kurs i fele/hardingfele med Oda Ovidt Bardal som hovudinstruktør tysdag 28. juli på Fjellvarden på Fjelli i Stryn!
