I helga fekk folkemusikken og folkedansen frå Sogn og Fjordane-kappleiken skine på Sogn og Fjordane-kappleiken, den årlege tevlinga i tradisjonelt spel, song og dans. Arrangørane Sogn spel- og dansarlag og Jostedal spel- og dansarlag kan verkeleg nyte all heider og ære etter eit knirkefritt arrangement på Grand Hotel Skei (tidl. Thon Hotel Jølster), som dei har fått mykje skryt for. Laga har mobilisert 30-35 frivillige som har bidrege med tevlingslogistikk, kioskvakter, dørvakter, premier, rydding, rigging, pynting, dømming m.m.. Hotellet, som dei siste åra har vore nytta som kappleiksarena, var nesten heilt fullt og har vore ein veldig god samarbeidspartnar for arrangørane, som legger til rette for både tevlande og publikum med gode lokaler og god mat. Denne gongen fekk dei òg dra nytte av sitt nyopna svømmebasseng.
Vandrepremiane, som går til dei med høgast poengsum innan kvar tevlingsgrein, gjekk i år igjen til Mari Andrea Ness og Atle Hoff frå Gaular spelemannslag idans med sin halling, Kari Malmanger frå Sogn spel- og dansarlag som fekk heile 99 av 100 poeng innan song (slik som i fjor) og Frida Helene Haltli frå Aurland spelemannslag som for fyrste gong var med på tevlinga på Sogn og Fjordane-kappleiken. På laurdagen vart det duka for utdeling av Folkemusikkprisen som annakvart år går til ein person, lag eller institusjon som har gjort særleg mykje for folkemusikken. I år var det meisterspelemann, Spellemannprisvinnar, kunstnar, kulturformidlar og læremeistar, tidlegare distriktsmusikar i Sogn, og førsteamanuensis ved Norges musikkhøgskole i Oslo Håkon Høgemo frå Øvre Årdal. Trykk HER for å lese begrunninga.
Kappleiken husa totalt 222 tevlande deltakar, fordelt på 78 startnummer. I tillegg kjem publikum og dansande, som bidrog til eit hotell fullt av liv denne helga. Særleg på Smørbukkappleiken, for dei minste, var kappleiksarenaen smekk full av born og publikum. Heile 81 born og unge var med på Smørbukkappleiken for å vise sine ferdigheiter på fela, hardingfela, trekkspelet, innan folkesong eller folkedans eller songdans. Borna fekk òg ein velsmakande premie, og ein diplom for framsyninga. Som del av Smørbukkappleikprogrammet leia Mari Andrea Ness og Kari Malmanger ei økt med dans og leik, til spel av Ingebjørn Lotsberg og Rasmus Henden.
Sogn og Fjordane folkemusikklag vil rette ein hjarteleg takk til alle som har bidrege med å gjere dette til ei kjekk helg, både arrangørane Sogn spel- og dansarlag og Jostedal spel- dansarlag og hovudnemnda med Mari Skjerdal Lysne i spissen, dei frivillige, dommarane, dei tevlande, publikum, Grand Hotel Skei og alle sponsorar! Vi vil òg takke Magnus Skjerdal som gjekk ut av styret på Årsmøtet søndag for innsatsen!








































