Det velbrukte dansegolvet er kosta, stolane der vi sat og såg, lytta og prata er stabla, og den utkryssa deltakarlista er teke ned frå veggen ved deltakarinngongen. Vestlandskappleiken 2026, den årlege tevlinga i folkemusikk og folkedans på Vestlandet, er historie og vi ser tilbake på ei kjekk, sosial, og spennande helg på Grand Hotel Skei!

Særleg spennande har det vore for dei som har tevla i dans, fele, hardingfele, trekkspel, toradar, song og til og med munnspel. Heile 269 har vore med på tevling og utfordra seg sjølv og nervane for å vise fram sine ferdigheiter og sin lokale folkemusikk- og folkedanstradisjon. Publikum fekk dermed oppleve mangfaldet av slåttar og dansar som fins på Vestlandet. Dommarane fekk ikkje nokon lett jobb når dei skulle rangere og gje poengsum til kvart enkel solodeltakar, par, gruppe og lag som deltek, fordi det var i alt 104 startnummer fordelt på 22 klassar på kappleiken.

På laurdagen var det duka for Minikappleik (tidl. Sjokoladekappleik), for dei opp til 12 år. Her fekk 44 deltakar vise fram ein dans, ein slått eller ein song gjennom 18 startnummer for eit stort publikum. For deltakinga fekk dei premiar i form av klistermerker, leiketattoveringar, noko godt å bite i, ballongar og eit signert diplom. Etter at alle hadde vore på scena, leia Atle Hoff ei økt med springarlenkje og hallingdans der alle kunne vere med.

Mange unge var òg med på kappleiken, og i juniorklassane var det omlag 45 deltakarar fordelt på 36 startnummer. Etter Minikappleiken arrangerte hardingfela.no HardingfelaUNG, der dei under 18 år kunne samlast og buskspele saman.

54 frivillige var med å bidrog til at totalt over 500 stykker fekk treffast, dansast og spelast på kappleiken. Dei frivillige gjorde ein god og heiderleg innsats på stemnekontoret, i kiosken, som dørvakter, som innpiskarar frå øvingsrommet til scena, som rigge- og ryddehjelp, og som konfransierar.

Styret i Sogn og Fjordane folkemusikklag vil med dette takke alle som var med, både publikum og deltakarar! Ekstra stor takk til alle frivillige som tok i eit tak! Utan dykk hadde det ikkje vore nokon kappleik!
 

Gå inn på lenkja under for å sjå fleire bilete!

Brukernavn:kappleik
Passord: kappleik2026