HEILE PROGRAMMET med billettlinkar:
FREDAG 19. JUNI
Alt skjer i og kring Pederhuset
STOVEKONSERT:
KVARTS
Tid: 19.00–20.00
Stad: Pederhuset
***
FREDAG I TUNET:
LINDA EIDE – "Muffens i posen" - soloshow
STEINAR RAKNES & RITA ERIKSEN-Solegladkonsert
Fredag i tunet på Pederhuset byr på både latter og musikalske høgdepunkt. Open bar til kl. 01.00
Ein fredag kveld du ikkje vil gå glipp av.
*****
LAURDAG 20. JUNI:
TRUSE & TORADAR
Uhøgtidleg og tradisjonsrik musikalsk badestund ved Breimsvatnet. Salg av morgonkaffi og brød frå Bakar-Jon.
Tid: 10.00–11.00
Stad: Ved bryggja ved Breim kyrkje. GRATIS!
****
STOVEKONSERT
TONE HULBÆKMO & HANS FREDRIK JACOBSEN
Tid: 13.00–14.00
Stad: Pederhuset
****
PLATESLEPPKONSERT
MALIN ALANDER BAND
Tid: 16.00–17.00
Stad: Pederhuset
*****
SOMMARKVELD I BREIMSHALLEN!!
Konsert med TØNES & ANNE LISE FRØKEDAL
Frank Tønnesen, betre kjend som TØNES har ei eineståande evne til å observere og formidle kvardagslege situasjonar. Med si blanding av humor og ettertanke har han skrive songar om alt frå gensere som er bak-fram, fluger på kjøkenbenken, og ikkje minst stor-hiten "Waldorfsalat".
Etter konserten ryddar vi golvet for ein dansekveld av det sjeldne. Nokre av landets fremste dansespelarar byr opp til dans: Hafslobelgen, Kvarts, Sivert Holmen og duoen Anette Thorsheim & Jeanette Evansson.
Breim Bygdekvinnelag har kafe med heimelaga betasuppe, kaffi og kaker.
Baren er open til kl. 01.00.
****
SØNDAG 21. JUNI:
SØNDAGSRO
Stovekonsert med
ANETTE THORSHEIM & JEANETTE EVANSSON
Tid: 12.00–13.00
Stad: Pederhuset
****
FAMILIEKONSERT
Tone Hulbækmo & Hans Fredrik Jacobsen
Tid: 12.30–13.15
Stad: Oppmøte ved Pederhus-teltet
GRATIS!
Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen opnar loket til si musikalske skattkiste. Med gamle instrument, folkeviser, rim, regler og songar frå nær og fjern inviterer dei barn i alle aldrar til ei levande og aktiv konsertoppleving. GRATIS!
Etter konserten vert det familiedans med Mari & Elin.
****
SOMMARSØNDAG I PEDERHUSET
Med Sigurd Felde, Bjarne Bergheim, Roger Severin Bruland, Jovan Pavlović, Himmelleite og vertinne Sigrid Moldestad
Tid: 14.00–16.00
Stad: Pederhus-tunet
****
STOVEKONSERT- avslutning Pederhusveka 2026:
Duoen Himmelleite
(INGRID LINGAAS FOSSUM & VEMUND OLAV AUKRUST.)
Tid: 16.30–17.30
Stad: Pederhuset