Merk at du må vere medlem i FolkOrg for å delta. Logg deg på din brukar i FolkOrg, trykk Vestlandskappleiken og fyll ut skjema for å melde deg og/eller laget/gruppa/partneren din på.
Deltakarpris:
Senior 300 kr pr. pers (solo og par)
Junior 150 kr pr. pers uansett klasse
Senior i lag/gruppe 150 kr pr. pers
Påmeldingsfrist er 13. september
Sogn og Fjordane folkemusikklag har bestemt å ha ABCD-inndeling i tevlingsklassane som det er vanleg å ha denne inndelinga på etter FolkOrg sitt tevlingsreglement, sjølv om vedtektene til Vestlandskappleiken seier det skal vere junior/senior-inndeling på alt. Dette er tillete å endre på jmfr. § 14 i vedtektene som ein kan lese på vestlandskappleiken.no.
Det er vidare ope å bruka både runddansslåttar og bygdedansslåttar på same startnummer i spelklassane om ein vil.
I gruppespel er krava 2-4 instrument. Det må ikkje vere minst 2 berande instrument, altså melodiinstrument. Óg her kan ein ein spele ein runddansslått og ein bygdedansslått på same startnummer om ein vil, eller to av same danseform.
Innafor kvar tevlingsgrein i spel(fele/hardingfele, durspel, gruppespel, lagspel) er det maks. 2 startnummer pr.solist, gruppe eller lag. Du må i så tilfelle spele ulike typar instrument og/eller dans (bygdedans eller runddans).
I lagdans junior er kravet for deltakarar minst 3 par, medan i senior er kravet 5 par.
Elles visar vi til tevlingsreglementet til FolkOrg som ein kan laste ned her: https://www.folkorg.no/oppdateringar-i-tevlingsreglementet-for-landskappleiken-og- landsfestivalen-i-gammaldansmusikk-2024.6701412-607397.html
Har de spørsmål om tevlinga, så send gjerne ein epost til Sogn og Fjordane folkemusikklag (post@folkemusikklaget.no).
