Me satsar på Landsfestivalen i Vågå. Den skjer 29. juli til 2. august.

Lagspel fele/hardingfele skjer fredag 31. juli, vanlegvis frå 10.00 til 14 med finale frå kl 20 og utover, og me må vel førebu oss på finalespel!

Med tanke på at me vart for seine med påmelding til dansespel i fjor, har me allerede meldt oss på til dansespel i år på fredagen.

Det ser ut som slåttane treng «nokre» år for å sige skikkeleg inn. Me ser difor for oss at slåttane me skal bruke i tevling, er mellom dei som me alt har øvd inn. Hvis det «kjem inn» ein ny uimotståeleg eventyrleg flott slått, får me heller vurdere på nytt.

Så er det ikkje alle tida for Landsfestivalen passar for. Nokre kan difor ikkje vere med til Vågå. Dei er likevel velkomne til øving.

Me har sett opp laurdag 30. mai som første øving. Så snakka me sist etter øvinga, om at me kunne ha lengre øvingar enn 12-15, når me først hadde brukt dagen.

Me prøver difor å starte 1 time tidlegare, dvs. kl 11.00 -15 på Skei Samfunnshus laurdag 30 mai.

Så må me vel setje av fleire øvingar Desse kan me bli einige om på fyrste øving. Høvelege datoar kan vere er 20. juni og 11. juli.

Då håpar me at mange har høve til å kome på øvinga 30. mai kl 11.00.

 

Gje beskjed til post@folkemusikklaget.no dersom de vil vere med!