Prisen, som er på 20 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken på Skei i Jølster, laurdag 3.10.2026.
Guro har lært å spele hardingfele hos mora Arngunn Timenes Bell, i kulturskulen i Kvam, i Kvemmingen Spel og dansarlag, og går no andre året på musikklinja på Voss Gymnas med hardingfele som instrument. Her har ho Alexander Aga Røynstrand som lærar. I regi av Hardingfela.no er ho med på «Fordjuping på Vestlandet». På landskappleiken på Hovden sist sommar hevda Guro seg i toppen i C-klassa.
Gjennom spelet sitt har Guro alt rukke å bli sentral i folkemusikken i heimbygda. Dei siste to somrane har ho hatt sommarjobb med konsertar på Fartøyvernsenteret i Norheimsund i prosjektet Felefylje. Det er i regi av Hardingfela.no og Hardanger og Voss museum. Ho har og spelt på Fossedagane i Strandebarm og ho spelte i samband med 150-årsjubileet for Standebarm kyrkje. I tillegg til å spela i Voss spelemannslag har ho undervisning for nokre av dei unge i laget.
Prisvinnaren er svært lovande, dedikert og målretta og soleis ein verdig vinnar.
"Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal."
Prisen er støtta av Sparebanken Vest med fleire, og har vore delt ut årleg sidan 2007.
Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.
I styret for minneprisen sit:
Arne Anderdal, Sigrid Moldestad, Eva Marie Toppe, og Erling Moxnes
_____________________________________________________________________
For meir informasjon eller spørsmål:
Nettstad: http://www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/
Snakke med nokon i styret for minneprisen, om tildelinga:
Eva Marie Toppe tlf. 97769649, Erling Moxnes tlf. 91311517
Foto: Arve Ullebø
Minnepris 2026 til ung hardingfelespelar frå Kvam
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2026 er tildelt Guro Bell Berge frå Kvam i Hardanger
