Folkemusikkgruppa Kvarts er i dag ei av dei folkemusikkgruppene i Noreg med lengst fartstid. Sidan 1998 har kvartetten sett tydelege spor etter seg, både innan folkemusikken men også i musikklivet generelt. Det kunstnariske arbeidet har mellom anna resultert i to Spellmannprisar, Folkelarmpris og ei rekkje konsertar, kurs og tingingsverk både i inn- og utland.
Jo Asgeir Lie (trekkspel)
Øystein Rudi (fele, hardingfele)
Tom Willy Rustad (kontrabass, toradar, seljefløyte, munnharpe og gitar)
Erlend Styve (vokal, gitar)
Repertoaret til Kvarts er i hovudsak bygd på norsk tradisjonsmusikk, men gruppa har og fine låtar frå det svenske spelmannsrepertoaret. Kombinasjonen av tradisjonsmusikk og eigenkomponert materiale har blitt eit varemerke for kvartetten. Gruppa har heilt sidan starten hatt mange samarbeid med andre musikarar, og Kringkastingsorkestret, Kristiansand Symfoniorkester Jonas Fjeld, Henning Kvitnes, Berit Opheim, Sondre Bratland, Eldbjørg og Ragnhild Hemsing og Birger Mistereggen er mellom dei vi har gjort mykje i lag med.
Billettpris kr 295 i døra.