Her kan du lese rapporten "Best før, men også god etter - Evaluering av distriksmusikarordninga" av Telemarksforskning.
Under kan du lese Sogn og Fjordane folkemusikklag sitt svar
Folkemusikken i Vestland har gjennom distriktsmusikarordninga fått eit løft som har styrkt både rekruttering, identitet og profesjonalisering. Rapporten «Best før, men også god etter» viser at folkemusikken er ein av dei delane av ordninga som faktisk har skapt regionale ringverknader. For å sikre at ordninga når måla sine, må folkemusikken ikkje berre halde fram med å eksistere i ordninga, men styrkjast vidare, og det bør i tillegg til eksisterande distriktsmusikarstillingar i folkemusikk òg opprettast distriktsdansarstillingar i folkedans. Å nå måla til ordninga krev det robuste fagmiljø, betre regional koordinering og tydelegare prioritering av folkemusikk og folkedans som kulturpolitisk satsing. Folkemusikken og folkedansen er berebjelkene for kulturarv, identitet og lokalt eigarskap. Ei vidareutvikling av ordninga må difor byggje vidare på denne styrken, ikkje risikere å svekkje han gjennom for stor fragmentering eller for små stillingsmiljø.
Rapporten peikar på store geografiske skilnader i ordninga, både når det gjeld kvar distriktsmusikarane er og kvar dei har kjennskap til ordninga. Dette er sjølvsagt ikkje ideelt, men om det er mangel på midlar til distriktsmusikarar, så er det viktig at distriktsmusikarane i folkemusikk er i nærleiken av der det er etablerte folkemusikkmiljø, slik at ein kan bygge vidare på dei eksisterande miljøa som idag slit med rekrutteringa. På denne måten vil distriksmusikarane meir effektivt styrke musikklivet i regionen.
Rapporten viser at kommunar med berre éin distriktsmusikar har vanskeleg for å nå måla i ordninga. Dette gjeld særleg nye folkemusikkstillingar i sørlege delar av fylket. Det er òg viktig at distriktsmusikarane i folkemusikk har «sparringspartnarar» helst innan eigen sjanger og at det er minst to distriktsmusikarar i folkemusikk i kvar kommune, både for miljøet sin del og for motivasjonen sin del. Denne sparringspartnaren kan vere ein folkedansar òg, ettersom det er stort behov for det i fylket. Denne «distriktsdansaren» bør ha kompetanse i både lokal bygdedans og runddans, og kan gjerne vere med å undervise i skulane òg, slik lokale folkedansarar gjer idag gjennom prosjektet Folkedansespor administrert av Sogn og Fjordane folkemusikklag. Ein distriksdansarstilling vil sikra meir kontinuitet i eit slikt prosjekt.
Rapporten peikar på at reiseavstand er ein av dei største barrierane for bruk av ordninga. Dersom er ein ser på korleis fylkesmusikarordninga i folkemusikk fungerte før, var det meir tilrettelagt for fleksibilitet og mobilitet, ved at ein musikar kunne undervise fleire stader i fylket, medan no er distriksmusikaren hovudsakleg knytta til undervisning på kulturskulen den hen jobbar. Vi ser at det sjølv om det har vorte fleire distriksmusikarar, er dei hovudsakleg knytt til nærområdet der dei bur. Eit forslag er å opprette eit reisetilskotsordning eller setje av midlar til reising i høve spele- og undervisningsoppdrag.
Kombinasjonen mellom undervisning og utøvardelen av ordninga er òg viktig. Det å utøve bidreg til synleggjering av kulturarven, samt at det er ein viktig motivasjonsfaktor som skapar engasjement hjå distriksmusikarane som speglar seg i resten av undervisningsarbeidet. Under utøvardelen bør det òg inngå eit ansvar om å promotere framsyningane sine godt og i god tid før dei finn stad.
Når det gjeld tilrådinga i rapporten om å tilby 6-årige åremålsstillingar, vil vi fråråde dette, ettersom det kan føre til at distriktsmusikarane får ein for kort tidshorisont i sitt arbeid med å styrkje musikklivet. Å byggje miljø, anten det er innan folkemusikk og folkedans eller anna, tek tid, og vi må tillate distriktsmusikarane å etablere seg, byggje nettverk og oppdage moglegheitene som fins i kvar kommune. Det vart skrive i rapporten at det var vertskommunar med lengst fartstid som hadde største kundekrinsar.
Vi veit idag at dei områdene der det er distriktsmusikarar på folkemusikk, er det rekruttering av folkemusikarar, noko som er viktig for folkemusikkmiljøet og bevaring av den immaterielle kulturarven i fylket. Flesteparten av deltakararane på sommarkurset i vestlandsk folkemusikk og folkedans UngLåt er elevar av distriktsmusikarane i folkemusikk. Vi ynskjer at denne delen av distriksmusikarordninga skal styrkast, og at det vert oppretta distriktsdansarar òg særleg no i ei tid når folkedansen aukar i popularitet i byane.
