Årets mottakar av folkemusikkprisen frå Sogn og Fjordane folkemusikklag er
meisterspelemann, Spellemannprisvinnar, kunstnar, kulturformidlar og læremeistar, og
har sett djupe spor i folkemusikkmiljøet både i Noreg og utlandet gjennom fleire tiår.
Mottakaren har frå tidleg alder utmerka seg med sitt glitrande spel, og har vore med på å
løfta fram det store mangfaldet av tradisjonsmusikk og tidlegare spelemenn, særskilt frå
Sogn. Kunnskapen og arbeidet med dette tradisjonsmaterialet er i særklasse.
Frå ung alder har prisvinnar vore aktiv i samarbeid med folkemusikarar og andre
kunstnarar, og har hatt ein formidabel frilanskarriere. Turnéar i inn- og utland, fast
medlem i ulike grupper, festivalar, studio-innspelingar, Spellemannprisen, vinnar av
Landskappleiken, berre for å nemna noko.
Særleg har slåttespel og spelemenn- og kvinner frå Årdal og Lærdal fått stor merksemd.
Smeltedigelen «Lærdalsmarknaden» er ei utømmeleg kjelde med fargar frå fleire
tradisjonar, noko som triggar musikarøyret. Mottakar har gjort fleire innspelingar med
dette materialet. Hardingfelespelet let seg integrera i samspel med andre instrument og
sjangrar. Prisvinnaren har ein eigen evne til å ta vare på hardingfela sin identitet i møte og
samarbeid med andre instrument og sjangrar. Arven etter kjende spelemenn frå gamalt
vert etter nitidig innøving løfta fram, fint innpakka med gode historier og ypparleg spel –
til stor glede for publikum.
Mottakar gir seg aldri og ynskjer stadig å bli betre og tileigna seg meir kunnskap.
Formidlinga av denne kunnskapen til neste generasjon er også ein viktig del av mottakar
sitt virke, både som kurshaldar, tidlegare distriktsmusikar i Sogn, og førsteamanuensis
ved Norges musikkhøgskole i Oslo.
Med alt dette vi no har nemnd er det vel berre å konkludera med at mottakar er prisen
høgst verdig. Gratulerer så mykje til Håkon Høgemo!
Folkemusikkprisen 2026 til Håkon Høgemo
Vi gratulerer Håkon Høgemo så masse med Folkemusikkprisen 2026. Her kan du lese begrunninga.
