Denne gongen rettar me merksemda mot hamborgar og ulike variasjonar innan dansen. Gjennom helga skal me utforske korleis hamborgaren har vore dansa på ulike stader på Vestlandet, og sjå nærare på både likskapar, forskjellar og lokale særpreg.
Kurset vert halde av Vegar Vårdal og Johannes Kjos. Me skal både danse sjølve og arbeide med arkivfilmar, der me ser nærare på korleis hamborgaren har vore dansa tidlegare.
Arkivmaterialet blir brukt som utgangspunkt for å utforske rørsler, variasjonar og ulike måtar å danse hamborgar på.
Skei
7.–8. november
Laurdag: kl. 10.00–16.00
Søndag: kl. 10.00–ca. 13.00/14.00
(Det kan forekoma endringar i tidspunkta)
Kurset kostar:
Under 18/student:
kr 400,-
Vaksen:
kr 600,-
Betalinga skjer under kurset.
Samlinga passar for deg som har litt erfaring med hamborgar frå før, og som elles har dansa folkedans. Du treng ikkje vere kjempegod i hamborgar, men det er fint om du har vore borti dansen tidlegare. Dette er ikkje eit nybyrjarkurs, men ei samling for deg som ønskjer påfyll, nye impulsar og høve til å utvikle dansen vidare.
Overnatting
Skei hotell er ein moglegheit å booke rom på, her kan du ta kontakt direkte med hotellet for booking. Det finst også fleire Airbnb-alternativ i området.
Påmelding:
Frist: 20. oktober
Du melder deg på gjennom denne lenka:
https://forms.gle/g3was2hrZESP2q6s6
Har du spørsmål om samlinga, er det berre å ta kontakt på:
siri@hardingfela.no
Me gler oss til ei helg med mykje dans, arkivdykk og gode møte på Skei!
Prosjektet Dansedriv er støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Dansedriv – kurssamling nr. 2: Hamborgar
Hardingfela.no ynskjer velkomen til den andre samlinga i Dansedriv på Grand Hotel Skei i Jølster 7. - 8. november! Bli med!
