Det er 348 deltakarar fordelt på 67 startnr. i over 22 klassar under årets Fylkeskappleik i Naustdal, 31. mars og 1. april. 107 av dei påmelde deltek i fleire klassar. Det vil seie at det er 241 ulike personar som reelt er påmelde. Sjå startlista her: STARTLISTE
Naustedalen spelemannslag innbyr helga 31.mars-1.april til Fylkeskappleiken 2017. Påmeldinga er alt i gong. Innbydinga med all informasjon kan du laste ned her.
-I dag er det blåmåndag. Men, ein svært god blåmåndag, sa marknadsføringsansvarleg for Fylkeskappleiken, Thomas Hals, måndag 14. mars. Han er rektor på Kjølsdalen Montessori Skule der Fylkeskappleiken 2016 føregjekk.
På Solstad i Kjølsdalen feira dei inngang til helg (og vinterferie for dei unge) med å bake ut 150 flatbrød som skal serverast til varmmat under Fylkeskappleiken. Fantastisk innsats frå både ungdom og vaksne. Det er berre å gle seg til mattilbodet for tevlarar og publikummarar under kappleiken 2016.