Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
bornas verdsdag

Bornas Verdsdag 22. november

Ta med borna dine på Bornas verdsdag i Førde 22. november! Der er mellom anna verkstadar som Folkedans med Ole Nilssen, Toradar med Ingrid Sørheim og Song for dei minste med Kari Malmanger.

558360213_1109892611302435_776549267244307700_n

Folkemusikkpub på Løa

Anten du kjem for å møte vener, drikke øl, høyre på levande musikk, eller bidra med eit instrument vert det garantert god stemning i Løa i Dale i Sunnfjord 7. november frå kl. 20.

skeitreffen

Skeitreffen 2025

Hald av datoane 7.-9. november, for då er det Skeitreffen att på Thon Hotell Jølster, med mykje trekkspelkonsertar, dans og distriktsmeisterskap i trekkspel!

Illustrasjon: Henrik Koppen

Jubileumsfest for Hyen spelemannslag 55 år 18. oktober

I år fyller Hyen spelemannslag 55 år, og det må feirast! Hyen spelemannslag og Hyen bygdekvinnelag ynskjer velkomen til jubileumsfest i Hyen laurdag 18. oktober kl. 19:30 i Hyen samfunnshus og idrettsbygg.. Dei har invitert med seg eit flott lag av bidragsytarar til konsert og dansespel!

spel og dansetreff i honndalen (1)

Spel og dansetreff i Hornindal

27. september vert det spel og dansetreff på Hotel Raftevold frå kl 19. Det byrjar med konsert med Honndalsmusikken, Egil Furenes og Hyen spelemannslag. Deretter vert det dans til 6 ulike spelemannslag og grupper.

Copy of Banner VK25 (2)

Program Vestlandskappleiken 2025

Her ser de programmet for VK 2025. NB: Oppgjevne tidspunkt kan få mindre endringar, - dette blir opplyst frå programleiar. Programheftet kan lastast ned her
OBS: Utdeling av Audhild Moxnes minnepris blir flytt frå laurdag kl. 22:30 til laurdag kl. 20:30!

 
Skjermbilde 2025-09-25 162618

Vestlandsmeisterskap i toraderspel

10.-11. oktober vert det òg vestlandsmeisterskap i toraderspel på Ole Bull akademiet på Voss. Her kan du sjå meir info og påmelding!

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG