Sogn og Fjordane Folkemusikklag ønskjer framlegg på kandidatar til Folkemusikkprisen 2014. Folkemusikkprisen delast ut annan kvart år, og skal gå til enkeltpersonar, lag eller institusjonar som har gjort særleg mykje for folkemusikken i fylket vårt.
Arve Bjørn Røneid frå Luster vart tildelt heidersprisen Vågåfatet 2013 då Vågatreffen vart arrangert for 37. gong. Leiar i Vågå trekkspillklubb Torleif Kvehaugen i Vågå og treffgeneral Arne Stasviken delte ut prisen til Arve Bjørn under konserten laurdag 1.november.
Austrheim musikklag, Gloppen hardingfelelag og Hyen spelemannslag vert i fellesskap arrangørar av Fylkeskappleiken 2014. Kappleikshelga vert 28.-29.mars og kappleiksarena vert Aulaen i Firda vgs på Sandane. Sogn og Fjordane folkemusikklag ønskjer dei lokale arrangørane lukke til med kappleiken og ser fram til FK2014. Meir nytt om fylkeskappleiken vert lagt ut snart!