FYLKESKAPPLEIKEN 2011
Årets Fylkeskappleik er over, og over 250 utøvarar frå heile fylket stod for heile 81 startnummer på kappleiken. Vi gratulerer Naustedalen Spelemannslag med vel overstått kappleik, og rettar ei stor takk til frivillige og utøvarar som var med på å gjere dette til ei helg med mykje flott musikk og dans.
UKM SOGN OG FJORDANE 2011
Ungdomens kulturmønstring i Sogn og Fjordane går av stabelen i Operahuset på Nordfjordeid 1.-3. april. Unge folkemusikkutøvarar frå fleire kommunar har blitt vidaresende til fylkesmønstringa.
ÅRETS SMØRBUKK ER KÅRA!
Hardingfelespelaren Mathilde Skjæret frå Jostedal vart kåra til Årets Smørbukk under Smørbukk-kappleiken 2011 på Mo i Sunnfjord 12. mars.
FYLKESKAPPLEIKEN 2011
Vi minner om påmeldingsfristen 21. mars!
UNESCO-PRIS TIL TALENT 2008
Ingrid Stuhaug frå Naustdal var ein av tre norske musikarar i Talent 2008, og skal i april til Paris for å motta UNESCO-prisen, saman med dei andre som var med på prosjektet.
SMØRBUKK-KAPPLEIKEN 2011
Smørbukk-kappleiken 2011 går av stabelen 12. mars på Mo i Førde. Påmelding til Folkemusikklaget innan 20. februar.
DANSEKURS MED AMI OG ELLIKA
Jostedal Spel- og Dansarlag arrangerer dansekurs med Ami Petersson Dregelid og Ellika Frisell 4.-6. mars. Påmelding innan 25. februar.
JAKTSTART MED FELEBYTE
Linda Eide og Sigrid Moldestad tek publikum med på ei musikalsk og verbal reise inn i vestlendingens ytre og indre sjeleliv, med framifrå gjesteartistar frå både kjerneområdet og dalstroka utanfor.
FOLKEMUSIKKFEST I STORSALEN
Førdefestivalen og Førde kommune inviterer til folkemusikkfest med Sigrid Moldestad, Indre Sunnfjord Spelemannslag og Sigmund Eikås m/ unge hardingfeletalent i Førde si nye storstove; Storsalen i Førdehuset.
DANSEDOKKE, LANGELEIK, SPRINGAR OG SONG
Valdrisane Elisabeth Kværne og Stian Roland kjem til De Heibergske Samlingar (Sogn Folkemuseum) for å by på langeleikspel, folkesong og springardans.
NORDIC
Den kritikarroste folkemusikktrioen Nordic frå Sverige held konsert på Høeghsenteret på Haugland, Flekke, søndag 16. januar.
FOLKEMUSIKKHELG I JOSTEDALEN
Jostedal Spel- og Dansarlag inviterer til folkemusikkhelg 7.-9. januar. Det blir kurs og konsert med Håkon Høgemo, og dans til musikk av spelemannslaget med fleire.No events to display
