Dei nominerte til Folkelarmprisen 2013 er no klare. Det er plukka ut tolv utgjevingar i fire ulike kategoriar: dokumentasjon, solo, tradisjonelt samspel og open klasse. "Umbra" med Linda Gytri er ein av dei nominerte i kategorien solo. Samtlege nominerte finn du nedanfor. Prisane vert delte ut 28. september på bransjetreffet Folkelarm.
Førstkommande søndag kl.2000 vert det konsert og kaffikalas i Oldedalen.Linda Gytri fått med seg nybakt norgesmeister på torader Kristoffer Kleiveland og gitarviritousen Vidar Berge i den rykande ferske trioen Apal. Det vert dermed høve til å oppleve deira friske nyskapande folkemusikk før dei legg ut på spelereise heilt til India!
Sogn og Fjordane Folkemusikklag innbyr 7. september til arkivseminar på Fylkesarkivet i Leikanger. Kursleiarar vert Erle Hind og Anna Liv Skjelten Gjendem.
Program og innbyding er no klar:
INNBYDING TIL ARKIVSEMINAR 7.9.2013.pdf
Den opphavlege påmeldingsfristen er ute, men vi tek i mot påmeldingar så lenge vi har plass. Vil du vere med, send epost til post (@) folkemusikklaget.no snarast!
Folkesongar Unni Løvlid er initiativtakar til Brått-festivalen, som finn stad i Hornindal mellom 9. og 15. september. I tillegg til 50 "heime hos"-konsertar, der musikarar og forteljarar syter for kulturopplevingar heime i stovene til folk vert det også fire offentlege konsertar med Hanne Oftedal (forteljing), Linda Gytri og Kristoffer Kleiveland (trekkspel /toradar), Susanne Lundeng (fele) og Britt Pernille Frøholm og Sigurd Ytre-Arne (hardingfele /elektronikk)
Dansarane Anna Gjendem og Vidar Underseth held hallingkurs for born og unge frå 9 år og oppover på Mork ungdomshus i Volda laurdag 31.august frå kl.1200. Kurset varer i tre timer, og vil ta for seg grunnteknikkar i dansen.
På denne konserten vil folkemusikken frå vårt eige fylke bli løfta fram av nokon av dei som brukar den aktivt i dag – og dermed bidreg til at den lever vidare, og stadig utviklast! Folkemusikken skal også møte kunstmusikken i BESTILLINGSVERKET "heimanfrå" av Magnar Åm.
Fredag 23. august kl.1930 er det for tredje gong klart for folkemusikkonsert i Randabygd kyrkje. Denne gongen kjem John Oddvar Kandal frå Breim og Helene Myklemyr Bolstad frå Jostedal samt Grimstadkoret frå Hareid.
Sogn og Fjordane Folkemusikklag innbyr til arkivkurs laurdag 7.september. Kurset vert halde på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i Leikanger. Erle Hind presenterer Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane medan Rff-senteret i Trondheim vert representert med Anna Gjendem frå Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal.
For 14. gong vert det gammaldansfestival i Gaupne. Dansarar, spelemenn og tilhøyrarar kan vente seg ei helg med mykje god gammaldansmusikk i eit triveleg miljø!