Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Gro Marie Svidal. Foto: Sigrid Winther

GRO MARIE SVIDAL TIL TOPPS I HARDINGFELE KLASSE A.

Gro Marie Svidal frå Indre Sunnfjord Spelemannslag gjekk heilt til topps i hardingfele klasse A under Landskappleiken på Geilo. Med 135 poeng tok ho sigeren føre Per Anders Buen Garnås som kom på andreplass med 133 poeng. Ho er dermed den tredje dama nokonsinne til å vinne A-klassa i hardingfele. Som sigrande i A-klassa er ho også ein av dei som får spele på den store meisterkonserten i Operahuset i Oslo  23. november. I tillegg til Gro Marie gjorde også fleire andre utøvarar frå Sogn og Fjordane det svært så godt i hardingfele klasse A. Synnøve Bjørset var nummer 5, Erlend Apneseth nr 6, Vidar Underseth nr 10 og Arne M. Sølvberg nr 12.

Alle resultat frå Landskappleiken her.

Mathilde Skjæret. Foto: Susanne Håheim

2. PLASS I SPEL HARDINGFELE C TIL MATHILDE SKJÆRET

Mathilde Skjæret frå Jostedal spel- og dansarlag spelte seg til andreplass i spel hardingfele klasse C under Landskappleiken på Geilo. Ho oppnådde 95 poeng og var med berre to poeng bak klassevinnar Cecilie Skrindo frå Ål spel- og dansarlag. I same klassa kom Kine Svori, også ho frå Jostedal spel- og dansarlag på ein fin femteplass med 90 poeng.

Fleire resultat frå årets landskappleik her

Honndalsmusikken: Svein Nesje, Kåre Tvinnereim, Svein Hjellbakk og Knut Jarle Kroken

HONNDALSMUSIKKEN: "BRYLLJAUPSAFTA"

Fredag 13. juni er det klart for første plateslepp av Honndalsmusikken si nye plate "Brylljaupsafta". Platesleppet vert på Karnils-tunet på Sandane under Sommartreffet i regi av Jeremiasfestivalen. Vidare vert Honndalsmusikken å treffe både under Landskappleiken på Geilo og med "stand" på kulturdagane i Hornindal. Offisielt storslepp av plata vert det først 13. september på "Låven" i Hornindal i kombinasjon med 10 års jubileet for Honndalsmusikken.

Elend Apnseth. Foto: Vegard Fimland

ERLEND APNESETH TILDELT ØIVIND BERGHS MINNEPRIS

Hardingfelespelaren Erlend Apneseth (24) frå Jølster vert tildelt Øivind Bergh sin minnepris for 2014. Sjølve utdelinga av den tradisjonelle minneprisen skjer på Peer Gynt-stemnet på Vinstra i august. Øivind Bergh sin minnepris er på 25 000 kr og går til unge lovande fiolinistar. Prisen er eit samarbeid mellom FolkOrg, KORK, Peer Gynt as, etterkomarane av Øivind Bergh og Sparebank 1 Gudbrandsdal. 

Arkivfoto. Fele laga av Erik Helland. Foto: Kjell Bitustøyl

SØLV TIL KVANDAL OG BRONSE TIL FONN PÅ INSTRUMENTUTSTILLINGA

Tre instrumentmakarar frå fylket oppnådde medalje på instrumenta sine under  landskappleiken på Geilo. Hardingfela laga av Harald Kvandal frå Gloppen hardingfelelag kom på tredjeplass og oppnådde sølvmedalje med 342 poeng. I same klasse kom Rolf Inge Kvandal frå Gloppen hardingfelelag på 4. plass med 322 poeng, også dette sølvmedalje. I klassa for fele oppnådde Asbjørn Fonn frå Indre Sunnfjord spelemannslag 2. plass og 316 poeng. Dermed vart det bronsemedalje til hans fele.

Linda Gytri. Foto:Oddleiv Apneseth

LINDA GYTRI TILDELT KUNSTNARSTIPEND

Linda Gytri er tildelt Sogn og Fjordane Fylkeskommune sitt kunstnarstipend på 30 000 kr. Dei andre som også får kunstnarstipend er: Arnfinn Kollerud, Anne Viken, Lillian Samdal og Gerd Endestad. Sogn og Fjordane Fylkeskommune sitt etablerarstipend på 50 000kr er tildelt Oddleiv Apneseth.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

SONGKURS:"SO RO LITEN TULL"

Under Førdefestivalen 3. juli vert det songkurs med utgongspunkt i songtradisjonane i Sogn og Fjordane. Instruktør er ein av fylkets sine fremste songarar, Unni Løvlid. Kurset er ope for alle interesserte frå 15 år og oppover. Unni er også instruktør i song under Mokursveka. Her er nedre aldersgrense 9 år. 

Foto: Marius Beck

MEISTERKLASSE MED SAMSPEL I FOKUS

Det er også i år tilbod om meisterklasse på Mokurset. Meisterklassa vert arrangert i samarbeid med Førdefestivalen. I år er det samspel som står i fokus. Dei vidarekomne på fele/hardingfele får skreddarsydd opplegg med saman med dei vidarekomne trekkspelarane. Instruktørane er dei aller beste: Jorunn Marie Kvernberg og Øyvind Sandum. Så meld dykk på innan 1. juni! Duoen Kvernberg/Sandum kan også opplevast fredag 4.juli  under Førdefestivalen!

Foto: Leif Vinsrygg

GRATIS LYNKURS I JØLSTRASPRINGAR

Torsdag 3. juli vert det gratis lynkurs i Jølstraspringar med Brita og Gisle Jordanger Kirkeeide. Her kan du kome utan verken pengar eller partnar berre du har danselyst og dansesko. Bli med og lær nokre grunnleggande dansesteg og vendingar i den populære Jølstraspringaren!  Det vert gode høve til å nytte dansen på dansegolvet seinare under Førdefestivalen.

Silja Solvang og Maria Scheldrup Toppe

DANS EI HEIL VEKE

I år tilbyr Mokurset også full kursveke for dansarar. Her vil du få lære norsk folkedans på ein kreativ måte. Kurset vil fokusere på god samdans og samspelet mellom musikk og dans. Gjennom kurset vil du i tillegg lære å bruke dansen kreativt saman med andre. I tillegg til sjølve dansen vil det også bli arbeida med improvisasjonsøvingar, koreografi og korleis ein dansar på ei scene.

Instruktørar vert to unge spreke jenter frå Hordaland. Silja Solvang som vil lære dykk å danse, og Maria Toppe er med både som musikar og dansar.

Silje Onstad Hålien og Torkjell Lunde Børsheim. Foto: Ingvild Skeie Ljones

PREMIERE PÅ KONG NOR

Laurdag 10. mai er det premiere på nyproduksjonen Kong Nor på Riksscenen i Oslo. Oppsettinga er ein hyllest til Grunnlovsjubileet, og eit historisk samarbeidsprosjekt på folkemusikkfeltet. Prosjektleiar er Gro Marie Svidal. Seinare i sommar kan du oppleve oppsettinga blant anna på Førdefestivalen.

Fordefestivalen25year

FØRDEFESTIVALEN PÅ TOPP TI LISTE !

Førdefestivalen er med lista over dei 10 beste småbyfestivalane i Europa i den store britiske avisa The Guardian. Førdefestivalen er den einaste norske festivalen som er med på topp ti lista.

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG