Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Sogn gammaldansfestival

SOGN GAMMALDANSFESTIVAL 2014

For 15. gong er det klart for Sogn gammaldansfestival i Gaupne. Om lag 20 gammaldansgrupper frå fjern og nær er venta til Gaupne for å bli med på ei helg med musikk, dans og mykje moro. Dei som ønskjer å vere med å spele, kan melde seg på fram til 8. august.

sigrid_moldestad_brevet_til_kjaerleiken 560x300

KONSERTAR MED SIGRID MOLDESTAD

Sigrid Moldestad med band turnerer denne veka i heimfylket. Onsdag 20. august kl. 2000 er det konsert i Aldaheim ungdomshus i Olden, Fuglesteg Fjellgard i Luster får besøk laurdag 23. august kl. 1700 medan Rognaldsvåg i Florø står på programmet søndag 24. august kl. 1300

Foto: Kjell Thue

SPELEMANNSFEST I HYEN

Laurdag 23. august kl. 2000 vert det spelemannsfest i Hyen. Arrangørar er Hyen spelemannslag og Hyen Ungdomslag. Her vert det godt program, god mat og dans ut i dei små timar. På programmet i år står blant anna duoen Fromseier Hockings frå Danmark, Snaustrinda spelemannslag, Naustedalen spelemannslag og sjølvsagt vertslaget Hyen spelmannslag.

Ine Nord. Foto: Jorma Airola

INSPIRASJONSKURS FOR KLARINETTISTAR

10. august vert det inspirasjonskurs for klarinettistar i Molde. Det vil bli fokusere på klarinetten som eit folkemusikkinstrument, både solo og i samspel. Instruktør på kurset vert Ine Nord frå Nordfjordeid. Arrangør er Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Påmelding innan 3. august.

Folkemusikklaget Havbrusen.Foto: Leif Vinsrygg 2012

KONSERT PÅ NEDRE TVEIT

Det vert konsert med Folkemusikklaget Havbrusen og songarane Henriette Hatlevoll og Ellen Marie Tveit på Nedre Tveit i Holmedal tysdag 5. august kl.1900. Arrangementet er ein del av Dalsfjordveka. Arrangørar er Folkeakademiet i Askvoll, Folkemusikklaget Havbrusen og Nedre Tveit.

MAAR.  Foto: Ingvild Skeie Ljones

KONSERT MED "MAAR" UNDER KULTURDAGANE

Det vert konsert med MAAR under kulturdagane i Hornindal laurdag 2. august kl.1500 i hotellhagen på Raftevolds hotel. Trioen Maar med Britt Pernille Frøholm, Irene Tillung og Ellen Brekken kom ut med debutplata "Vrangsvevd" tidlegare i år.

Det vert også høve til å treffe Honndalsmusikken som er ute med plata "Bryljaupsafta", på stand under kulturdagane.

røneid2014

ARVE BJØRN RØNEID TIL TOPPS I SOLO DURSPEL

Arve Bjørn Røneid frå Jostedal spel- og dansarlag gjekk heilt til topps i klassa for durspel senior på landsfestivalen. Det vart klart på resultata etter årets finalespel vart avslørt under meisterkonserten på søndag. Andreplassen i klassa gjekk til Rikke van Ommeren frå Oppdal spell- og dansarlag medan Øyvind Sandum frå Oppdal tok tredjeplassen.

Lystringen Foto Sogn og Fjordane Folkemusikklag

LYSTRINGEN TIL TOPPS I LAGDANS

For fyrste gong var det høve til å konkurrere i lagdans også på Landsfestivalen. Danselaget "Lystringen" frå Jostedal vart dermed historiske ved å bli den første klassevinnaren med sin reinlendar. På andreplass kom danselaget "Ogndalsvegen 141 m/venner" medan Spelemannslaget Fjelljom vart nummer tre.

Mokurset 2014. Foto: Einar Eimhjellen

MOKURSET 2014

Mokurset 2014 er i gong. 58 ungdommar og 10 instruktørar er samla til ei veke med kurs i spel på fele, hardingfele, trekkspel og toradar. I tillegg er kursleiinga og fleire frivillege i sving under kurset.

På kurset si facebookside ligg fleire foto frå sesongen.

Takk til våre sponsorar og støttespelarar: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førdefestivalen, KOMP, Rff, FolkOrg, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Tine Meieriet Byrkjelo og Lerum.

Foto Sogn og Fjordane Folkemusikklag

3. PLASS I PARDANS TIL IRENE HESTVIK OG LEON ÅRDAL

Irene Hestvik og Leon Årdal frå Indre Sunnfjord spelemannslag dansa seg til ein flott 3. plass i klassa for pardans under Landsfestivalen på Steinkjer. Klassesigeren gjekk til Solveig Brekke Hauknes og Ole Nilssen frå Hedemark folkemusikklag medan Heidi Tovmo og Svein Granøien frå Røros folkedanslag kom på andreplass. Frå Sogn og Fjordane dansa også Øygun og Johannes Kjos seg heilt til finaleplass, men enda utanfor dei tre rangerte topplassane.

Erlend Apneseth Foto: Vegard Fimland

SPAREBANKEN VEST SITT MUSIKARSTIPEND TIL ERLEND APNESETH

Erlend Apneseth vart under opningskonserten på Førdefestivalen tildelt Sparebanken Vest sitt musikarstipend på 30 000kr. Konserndirektør Siren Sundland stod for overrekkinga. I grunngjevinga vart det lagt vekt på at Apneseth har markert seg som ein av dei beste folkemusikarane i landet og at han i tillegg torer å gå sine eigne vegar og tenkje nytt.

Dansa pÃ¥ Landskappleiken: Emma Nygaard Sætren og Hallvard Sindre Syversbråten frå spelemannslaget Fjelljom bidrog med frisk dans i klasse C. Foto: Fjordingen

2. PLASS I DANS FELE C TIL EMMA N. SÆTREN OG HALLVARD S. SYVERSBRÅTEN

Emma Nygaard Sætren og Hallvard Sindre Syversbråten frå Spelemannslaget Fjelljom kom på andreplass med 56 poeng i dans fele klasse C under Landskappleiken på Geilo. Fleire dansepar frå fylket oppnådde gode plasseringar på årets Landskappleik. Blant anna er Oddbjørg Ese og Johannes Kjos frå Jostedal spel- og dansarlag klare for A klassa etter å ha oppnådd 87 poeng og 4. plass i dans hardingfele klasse B.

Alle resultat frå Landskappleiken her.

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG