Konsert med Erlend Apneseth og Margit Myhr
Vårvon ungdomslag innbyr til konsert med Erlend Apneseth og Margit Myhr i Svidalen grendahus søndag 2. november kl. 1500.
Vårvon ungdomslag innbyr til konsert med Erlend Apneseth og Margit Myhr i Svidalen grendahus søndag 2. november kl. 1500.
1. november er frist for lokallaga i FolkOrg å søke om FriFond-midlar. Informasjon om tilskotsordninga og om korleis du søkjer kan du finne her:
Hei alle lesarar av denne sida.
Etter 26 år som tilsett og 4 år i styre så er eg no slutta i Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Det har vore ein spanande og triveleg jobb, men no var tida for lengst komen for nye og yngre tankar. Eg er glad for at Ingrid overtek, og eg veit at ho kjem til å gjere ein kjempegod jobb for organisasjonen. Eg ynskjer ho all mogeleg lukke til i arbeidet.
Så vil eg takka dykk som eg har hatt kontakt med i så mange høve. Det har vore kjekt å vorte kjend med og samarbeida med så mange. Me møtest nok at på kappleikar og andre folkemusikktilstellingar.
TAKK FOR MEG.
Hjarteleg helsing Dagrun
Kine Svori frå Jostedal vart under Vestlandskappleiken i Granvin tildelt Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris. Prisen som er på 10 000kr og vert utdelt kvart år til ein ung og lovande utøvar på hardingfele.
Vi gratulerer!
Vestlandskappleiken 2014 er vel i hamn. I alt 63 startnummer stilte opp i konkurransane på laurdag. Frå Sogn og Fjordane vart det blant anna siger til Gamlebanken spelemannslag (foto) og andreplass til Gro Marie Svidal i spel hardingfele klasse A. I C-klassane vart det siger til Hilda Sofie Taklo i vokal og andreplass til Kine Svori i hardingfeleklassa. Kine vart også tildelt Audhild Flaktveit Moxnes minnepris.
Fullstendig resultatliste frå kappleiken finn du her:
Ingrid Andersen Heieren er tilsett i 50% stilling som dagleg leiar og folkemusikk-koordinator i Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Ho etterfølgjer Dagrun Hesjevoll som går av med pensjon 1. oktober etter å ha vore tilsett i folkemusikklaget i 26 år. Ingrid tek til i stillinga i løpet av haustmånadene. Ein nærare presentasjon av Ingrid kjem snart. Styret ønskjer Ingrid lukke til i stillinga og ser fram til å samarbeide med ho framover.
Det er atter ein gong duka for ei trivleg trekkspelhelg på Raftevolds Hotell, når Hornindal Trekkspelklubb inviterer til sitt årlege Haustsprell. Kjende og kjære artistar frå Nordvestlandet spelar opp til både dans og konsert denne helga. Fredag vert det dans til seks forskjellege orkester medan det på laurdag vert konsert med den humørfyllte Odd Arne Halaas som konferansier, før det blir dans i to salar til musikk av heile 15 orkester.
Spelemannslaget Fjelljom utvidar den årlege kurshelga og innbyr til festival helga 24.-25. oktober. Folk i alle aldrar er velkomne til Fjelli denne siste helga i oktober for dyrking av tradisjonane innan dans og musikk, gjerne kombinert med rekreasjon i eit herleg natur- og kulturlandskap. Kurs og konserttilbod finn du nedanfor:
Helga 17.-18. oktober arrangere Sogn og Fjordane ungdomslag storkurs i ungdomshuset Viking i Førde. Eit av kursa på programmet er "Rettleiing i folkedans. -Korleis gje born og unge høve til å lære folkedans?" Instruktørar på kurset vert Asbjørg og Arne M. Sølvberg.som i årevis har drive med opplæring i folkedans i regi av Fjelli ungdomslag. Kurset er for deg som likar å danse og gjerne vil gje born og unge sjansen til å oppleve den same gleda. Det er ingen førehandskrav til dansekunnskap eller etterkrav om å verte instruktør. I tillegg til instruktørkurset byr storkurshelga også på bunadsseminar, kurs i yoga og samling for tillitsvalde. Påmeldingsfristen var 6.oktober, men det er framleis mogleg å melde seg på!. Fullstendig kursfaldar er lagt ut nedanfor.
Denne veka har Linda Gytri frå Oldedalen i Stryn samla sin nye trio i Lærdal Musikkstudio for innspeling av ny plate. Gytri sine folkemusikalske komposisjonar får nye fargar og valørar i møte med nye musikarar. Trioen består av pianolegenda Timo Alakotila frå Finland og telemarkingen Anders Bitustøyl på kontrabass saman med Linda på trekkspel. Plata skal få navnet "Audire". Ordet kjem frå latin og betyr ”å lytte”. Platesleppet er venta i februar/mars.
Honndalsmusikken vann Folkelarmprisen 2014 i klassa for tradisjonelt samspel med plata "Bryljaupsafta". Det vart klart då Folkelarmprisane vart delte ut på Folkelarm i kveld 27.9. Øvrige vinnarar vart: Hekla Stålstrenga (årets folkemusikar), "Spelarhola" med Hamre/Røynstrand/Teigland (solo), "Rosekolla" med Eli Storbekken (dokumentasjon) og "Et steg ut" med Susanne Lundeng (open klasse).
Vi gratulerer med Folkelarmprisen!
Sogn og Fjordane Folkemusikklag, Førdefestivalen og SOFUL har utarbeida eit innspel i høve den politiske debatten som pågår i fylket der folkemusikksatsinga er truga av nedskjeringar. Det er vårt og berre vårt ansvar å ta vare på og utvikle vår eigen musikkarv. Vi stoler på at fylkespolitikarane framleis tek dette ansvaret på alvor.
MAAR med plata "Vrangsvevd" og Honndalsmusikken med plata "Brylljaupsafta" er begge nominert til Folkelarmpris i klassa Tradisjonelt samspel. Dei to konkurrerer om prisen med plata "Smiles of sun" ( folk music from Lorestan) med Nezam Rajabzadeh. Folkelarmprisen vert utdelt 27. september.