Til Anders Reed kom mange unge karar for å lære seg felespel. Det er sagt at dei var med og braut jord om dagane og fekk speleundervisning om kveldane. Laurdag får du høyre både slåttar og forteljingar frå Gamle-Reed sitt liv, når Spelemannslaget Fjelljom inviterer til Anders Reed-kveld i Utvik.
Folkartisten Sigrid Moldestad legg også i år ut på førjuls-turneen "Vintersong". Turneen fylgjer opp suksessen frå i fjor, der Sigrid skapte magi i utselde hus. I år vert råma ekstra nær og intim når ho tek med seg Oslo Strings. Strykekvartetten er kjende for å utfordre grensen for kva og kor eit strykeensemble skal vere. Saman med gitaristane Mattias Perez/Adam Johansson vil både julesongane og Sigrid sine eigne songar få ei ekstra stemningsfull innpakning.
Musikkarkivet ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane inviterer til arkivseminar i samarbeid med Sogn og Fjordane Folkemusikklag.
MINNEPRIS TIL UNG HARDINGFELESPELAR FRÅ BERGEN
AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS 2015 er tildelt 17 år gamle Kårhild Husby Nordstad frå Bergen. Prisen, som er på 10 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Førde laurdag 10. oktober.
I 2016 feirar Landsfestivalen i gammaldansmusikk 30 år, og blir for første gong arrangert i Sogn. Festivalleiar Synnøve S. Bjørset har to ønskje til alle spelemenn og dansarar i fylket: - Meld dykk på tevlingane og meld dykk som frivillige medarbeidarar!
Velkomne til Vestlandskappleik 9.-11. oktober på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Indre Sunnfjord Spelemannslag er vertskap, og ser fram til å ta imot spelemenn, songarar og dansarar frå heile Vestlandet til venskapleg kappestrid og lystig samvære heile helga til endes. PÅMELDINGSFRIST 30. SEPTEMBER
Rått spel og gnistrande musikalitet kjenneteiknar dei to markante Setesdal-spelemennene som får æra av å pangstarte Vestlandskappleiken 2015! Dei har med seg både hardingfele, fele og munnharpe—og ikkje minst arven etter legendariske Torleiv H. Bjørgum.