Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen innan 12. september.
Honndalsmusikken feirar storstillt 20 års jubileum, med Jubileumskonsert og dans frå kl 18.00 laurdag 14. september på Havila Raftevolds Hotell i Hornindal.
Kom og lær å danse Hyen sitt svar på tango – eller kanskje salsa? Hyen spelemannslag skipar til kurs i Hyespringar torsdag 25. juli på Nesholmen leirstad.
Sogn og Fjordane folkemusikklag mottok mykje midlar til TØFT 2024, difor vart det beslutta å lyse ut arrangementsstilskot til ulike TØFT-tiltak til lokallag og andre folkemusikkaktørar i Sogn og Fjordane. Sjølv om det var kort frist til søking og gjennomføring gjorde utlysinga at det vart kom inn 6 søknadar. Prosjekta i søknadane var gode, noko som førte til at alle søkarane fekk tilskot. Les meir om desse prosjekta her.
Søk om å bli med på FolkLeiarUng – prosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-23 år. Søknadsfristen er 9. august. Klikk her for å lese meir og søke!
13.-16. juni blir det Pederhusveke. Det er den 5. sidan huset vart opna i 2019. Årets artistar er Stein Torleif Bjella, Oddny, Sudan Dudan, Halvor Folgero, Berit Opheim & Sigbjørn Apeland, Frank Rolland, Sigrid Moldestad, Bjørn Ravnestad & dei pårørande, Svein Nesje. Ove Eide m. fl. I tillegg vert det dans, samtalar mm.
Styret vedtok i desember å vidareføre spelemannslaget som har vorte kalla Heimelaget, som deltok på Landsfestivalen i Førde i august. I år skal Heimelaget til Landsfestivalen på Vestnes!
Påmeldingsskjema til UngLåt er no stengt. Det var frist 27. mai, men om ein etterpåmelder seg kan det gå bra, men vi kan ikkje garantere overnattingsplass. Send ein epost til nikolai@folkemusikklaget.no om du vil etterpåmelde.